lind.no
Kark   ( meir )
Korsvikaspillet
Kark   ( starten )
Roman av Idar Lind - Det Norske Samlaget 2000
 
Eg ser denne smaken. Eg ser ei hand strekke seg mot raude bær. Det må vera mine eigne fingrar, for eg ser ikkje resten av kroppen, berre handa som grip raude bær og fører dei nærmare, mot munnen, og eg kjenner denne heite smaken mot tunga og innsida av kinna, kjenner munnen og hovudet svelle, og heile tida brenn det.
     Det er meg sjøl eg ser i dette synet, eg ser meg sjøl i eit anna liv. No veit eg ikkje kven eg er. For ei kort stund sia, da eg vakna, visste eg ikkje kven eg var. No hugsar eg.
     Eg er Aun, eg har levd i sytten år, ti av dei i klosteret i Cenannus. Eg hugsar no, eg ser lyset som fell inn i scriptoriet, inn over pergamentet, inn over avskrifta eg arbeider med, eg ser glansen av lyset i blekket som enno ikkje har tørka. Og likevel kan eg ikkje sjå dette, det er ikkje mulig, for eg er mange dagsreiser unna. Lyset i scriptoriet er frå ei anna tid, før broder Ciarán tok meg med til byen nordmennene har reist, den dei kallar Dublin. No ligg det eit hav mellom lyset i Cenannus og meg, det ligg ei lang sjøreise mellom broder Ciarán og meg.

( meir om og frå boka ... )

 

Copyright © Idar Lind (idar@lind.no)