Mord på dagsorden

Kriminalføljetong av Idar Lind
(under psevdonymet Simon B. Isaksen)
i studentavisa Under Dusken nr. 9-13 hausten 1979.


Både mordofra og vitna var kjente aktivistar frå studentpolitikken og Studentersamfundet i Trondhjem. Stort sett alle stilte opp til fotografering, noko som gjorde at vi kunne illustrere dei fleste episodane på dramatisk vis. (Foto er skanna frå Dusken, og derfor av variabel kvalitet.)

Ein del autentiske detaljar sneik seg også inn i historia, som at bladet til dei konservative studentane, KONTEKST, prøvde å kuppe løysinga av gåta.

I denne versjonen av serien har forfattaren fjerna dei verste skrivefeila, men ikkje alle. Inkonsekvent språk kan vera sjarmerande, så langt tid etterpå.

(*) viser til ein (eller fleire) kommentarar i høgre spalte. Dette kan vera identifisering av ein person, faktaopplysningar eller noko heilt anna.

Den myrda formannen: Gunnar Sander frå Grønt Gras, ei sentrum-venstregruppering med sterkt innslag frå Unge Venstre, men også med medlemmar som oppfatta seg som anarkistar eller sosialistar. Grønt Gras hadde styret i Samfundet våren og hausten 1979.
Til høgre den kvinnelige nestformannen Ingunn Gotfredsen. (Dette var før tittelen formann vart skifta ut med leiar.)
Til venstre Morten Ruth og Gunnar Strøm frå Klubbstyret, den gjengen i Huset som mellom anna arrangerer Klubbaften. (Ja, Huset med stor H, også kalla Samfundet (med d).)
Orkesterdirigenten 1. september 1979 er ein ikkje identifisert biperson.


Märthalosjen (på galleriet bak i Storsalen) fekk namnet sitt fordi kronprinsesse Märtha satt der under opninga av Huset i 1929. I gamle dagar satt gjerne orkesteret her under festmøta. I litt yngre gamle dagar vart kjørebord for lys og lyd flytta hit. (1. oktober 1929 måtte den gravide kronprinsessa innvie losjen med ei hoffdame som einaste selskap, fordi ektemannen Olav tok plass saman med ordensbrørne i De Sorte Faars Ridderskaab.)


Regi er den gjengen i Samfundet som tar seg av lys og andre sider ved det scenetekniske - inkludert å fyre av kanonen under festmarsjen «Stars & Stribes» (som tradisjonelt skal uttalast «Stars et stribes»).


Immatrikuleringa vart seinare flytta til midt i august, men den tradisjonelle dagen var 1. september.


Styrebordet sto på golvet i Storsalen, framfor scenen. Den gongen var det vanlig at heile styret satt ved bordet under møtet.
Stoppeklokka var der for at møteleiinga kunne halde styr på taletida.


Referenten frå studentavisa Under Dusken: Signaturen AKD må vera identisk med Anne Katharine Dahl, seinare informasjonsdirektør ved NTNU og etter kvart seniorrådgivar.


Forfattaren hadde ikkje heilt oversyn over tittelbruken i politiet. Ein politifullmektig er ein jurist som normalt (eller aldri) driv etterforsking i felten.
Morten Breck er sjølsagt inspiret av Sjöwall og Wahlöös romanfigur Martin Beck, no kanskje mest kjent frå film og fjernsyn.
Kriminalpolitiets E-gruppe (etterforskingsgruppe) var også kjent som «mordkommisjonen».


Kvadrantar: Dei konservative i TKSF satt i første kvadrant i amfiet, Raud Front i fjerde kvadrant og Sosialistisk Front på golvet framfor første kvadrant (sjå kartet over). Frå forfattarens og Under Duskens side er det altså snakk om mild hets av politiske motstandarar (ettersom duskeredaksjonen hadde utgangspunkt i den SV-dominerte Sosialistisk Front).


Det er heilt sikkert ein levande modell også for den høgrøysta og overivrige bipersonen, men det har forfattaren glømt.
Bipersonen med kort, mørkt hår og briller er ganske sikkert Edvard Klakken, medlem av Forsterkerkomiteen (FK).


Forsterkerkomiteen (FK) held stadig til heilt oppunder kuppelen i Samfundet (dette kartet er frå 1985). Den indre halvsirkelen er ein del av taket i Storsalen. Metallstigen frå scenen kjem opp i nedre kant av teikninga, til høgre for «Kupeen». FBF er øverst til høgre.


Episode 1

Presis klokka seks minutt over åtte den første september 1979 slo formannen (*) for Studentersamfundet i Trondhjem klubba i styrebordet og sa sine tre siste ord: «Møtet er satt.» I Märtha-losjen (*), midt imot han i salen, løfta orkesterdirigenten (*) handa og sette i gang Samfundets festmarsj «Stars & Stribes» (*). Fire takter seinare velta formannen fram over styrebordet (*) med eit lite, raudt kulehol i panna. Mellom beina hans og fram under styrebordet sto det ei sky av grå krutrøyk.

For veteranane i Storsalen, dei som var møtt fram for å ta del i første runde av den politiske skyggeboksinga som går for seg gjennom heile skoleåret, var både kanonbraket og krutrøyken rein rutine. For dei mange hundre oppdressa og nyimmatrikulerte (*) studentane med hender som enno var klamme av rektor sitt handtrykk, og som ikkje var klare over at Regi (*) alltid fyrer av kanonen sin etter den fjerde takta av «Stars & Stribes», og at denne kanonen for anledninga var plassert under formannsstolen, var opplevinga litt meir sjokkarta. Etter enno nokre takter fatta dei òg poenget, og lo med.

Den kvinnelege nestformannen (*) lo ikkje. Ho var den første som skjøna at formannen ikkje svima av på grunn av kanonsmellen. Holet i panna var ikkje til å ta feil av. To frå Klubbstyret (*) som kom til kunne òg raskt konstatera kva som hadde skjedd, det same kunne Under Duskens referent (*), som litt forsinka kom for å finne plassen sin. Og heile tida runga «Stars & Stribes» gjennom salen.


Det var berre to ting som kunne vekke til live ei kjensle av djup og intens avsky i politifullmektig (*) Morten Breck (*). Det eine var det kvinnfolket han hadde vore gift med i femten år, og som han av og til pliktskyldigst måtte ha ein konfrontasjon med av omsyn til dei to ungane dei var så uheldige å ha saman. Det andre var politikk. På dette siste feltet strekte han seg aldri lenger enn til å skaffe seg greie på kven som til ei kvar tid var justisminister. I sitt daglege liv gjorde han sitt beste for å unngå både kona og politikken, som oftast med godt hell. Morten Breck var ein systematisk anlagt person, det var dette karaktertrekket som hadde skaffa han jobben som sjef for kriminalpolitiets E-gruppe. (*)

Breck hadde aldri kjent seg fjernare frå alle sine problem enn denne kvelden da han satt på Hotell Phoenix i Trondheim, på gjennomreise etter ei oppklaring av eit seksualdrap i Inn-Trøndelag, og pleidde det gryande magesåret sitt med whisky og isbitar. Og aldri hadde han tatt meir feil, det oppdaga han da telefonen ringte. I andre enden av tråden snøvla ein tydeleg påverka lokal politimeister: «Formannen i Samfundet er nettopp skoten. Eg går ut frå at du fikscher saka. kompis.»

Breck sette ein isbit i vrangstrupen, la på røret og tok på seg jakka.


Da Morten Breck kom inn i Storsalen, tolv minutt etter drapet, satt folk stadig på plassane sine. Klubbstyret hadde sørga for at ingen slapp ut. Det var tendensar til hysteri i første og fjerde kvadrant. (*) Ein høgrøysta og overivrig person (*) som fekk Breck til å tenka på kona si, stakk ein mikrofon i neven hans, med forklaring om at han gjennom den kunne snakka så alle i Huset høyrde han. Breck såg ut over salen ein augneblink og fekk blikket reflektert frå tusen augepar. Han sa:

«Dette er politifullmektig Morten Breck. Det er begått eit drap her. Eg vil be om at alle blir sittande på plassane sine til mine folk har fått notert namn og adresse. Deretter kan alle gå heim. Det er ingen grunn til panikk.»

Breck ga frå seg mikrofonen til den overivrige, som stadig snakka, og snudde seg for å sjå på liket. Den tidlegare formannen i Samfundet låg med formannsklubba i høgre hand, i den venstre eit telefonrør. Ved sida av telefonen sto ei stoppeklokke (*), framfor hovudet hans låg ein mikrofon. Bordet hadde grøn duk med ein stor, fuktig flekk på. Breck bøygde seg nysgjerrig over telefonen, og ei kortklipt jente som var blitt presentert som nestformannen sa: «Han fekk ein telefon like for møtet starta. Telefonsamtalen gjorde han sjokkert, det merka eg.»

«Vi kan kanskje spora opp kor den samtalen kom frå.» Det var ein trønder med kort, mørkt hår og briller som blanda seg inn. (*) «Dette er ein interntelefon, vi kan sjekka på sentralen. Følg meg.»

Han hoppa opp på scenekanten og forsvann inn ei dør til høgre. Morten Breck følgde etter, men gjekk trappa. Da han kom inn bak scenen, var trønderen på veg opp ein metallstige, rett til værs (*). Breck sende ein tanke til isjiasen og klatra etter, utan å sjå ned. Høgdeskrekk.

Etter ein del klatring kom dei opp på noko som måtte vera loftet over kuppelen i Storsalen. I det svake lyset registrerte Breck berre takbjelkane og eit par flaksande duer. Han følgde etter trønderen gjennom ei dør, og kom inn i ein svakt bua korridor. På eit hjørne beint framfor seg kunne han lesa at dette var krysset mellom «Jomfrugata» og «Dydens vei». På ei dør litt innover i korridoren hang eit trafikkskilt som varsla at her var det telefonsentral (*).

Det tok trønderen under eitt minutt å spora opp samtalen: «Telefonen kom frå FBF.» (*) Morten Breck såg spørjande på han, og trønderen forklarte at FBF var namnet på det rommet oppe under kuppelen i Storsalen der dei to store følgespotane til Regi står. Han viste Breck veg vidare innover korridoren, forbi fleire små rom. Morten Breck fekk eit glimt av ein bardisk i eitt av romma, eit anna var fullt av teknisk utstyr. Så gjekk dei ut ei dør, og var ute på loftet att. Denne gongen på ein annan kant. Trønderen stoppa og peika.

Like ovafor dei, opp ei lita trapp, sto ei dør på gløtt. Breck gjekk opp den vesle trappa og stakk hovudet inn. Det første han registrerte var ein stor madrass kledd i raud fløyel og ei stor teikning av ei naken kvinne. Det andre var ei stor åpen luke ut mot Storsalen og to store lyskastarar som peika mot scenen. Breck gjekk inn. Gjennom luka såg han ned mot styrebordet. Ein politimann var i ferd med å notera namn og adresse til to tydeleg kinesisk utsjåande personar, alle tre såg ut til å ha store språkproblem.

Framfor lukeåpninga hang eit svakt dinglande telefonrør. I lufta var det ein umiskjenneleg eim av krutrøyk. På golvet låg ein stor blodpøl.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


Episode 2: Døden i redaksjonen

Blodpølen i FBF var eit mysterium. Alt tyda på at nok eit mord var begått, men noko lik var ikkje å finne, Gjerningsmannen hadde truleg blanda seg med resten av festmøtepublikummet ved å gå gjennom ei dør som førte ut i nordre rotunde, trappeoppgangen til høgre for Storsalen, men liket kunne vanskeleg tenkast å ha forsvunne same vegen. Og eit lik måtte det vera, ein eller annan stad.

Morten Breck var i eit elendig humør. Minst eitt, truleg to mord å løysa. Og 1500 mistenkte. Frihelga var spolert.

Ei veke seinare, søndag 9.september, spydde Trondheims politimeister (*) over den nysnekra bardisken i dei nyoppussa lokala til Under Dusken. (*) Morten Breck sto ved sida av og betrakta dei blodige restane av redaksjonen. Det såg ut nett så ille som det gjer etter at fem-seks maskinpistolsalver er avfyrt i eit rom med åtte menneske. (*)

To hadde overlevd. Dei hadde stått ved eitt av flipperspela i Daglighallen (*) da skota var blitt avfyrt. Først hadde dei trudd dei høyrde lyden av ein slagbor, så hadde dei ana uråd og styrta til. Da var det ikkje ei levande sjel å sjå. Truleg hadde drapsmannen eller drapsmennene forsvunne ned trappa til Musikerloftet (*) og ut i bakgården. Nokre minutt tidlegare hadde leiaren for KUL (*) gått inn på Dusken, men han hadde gått ut att like etter. Og han hadde ikkje hatt maskinpistol. Bortsett frå han hadde ingen passert.

Dei satt inne på Klubbstyrets hybel (*) medan Kripos sine spesialistar saumfor drapsstaden. Breck tende sin syttande sigarett den dagen, og sa: «Eg blir ikkje forundra om det er ein samanheng mellom denne massakren og det som skjedde sist helg.» Ein av dei to overlevande duskemedarbeidarane, teiknaren (*), sa: «Det er ein samanheng. Redaktøren og to til...» Det gjekk ei skjelving gjennom kroppen, og han stødde hovudet i hendene. Slik satt han eit halvt minutt, for han heldt fram: «Dei jobba med ein artikkel om saka, og lova at dette skulle bli sprengstoff når avisa kom ut førstkommande torsdag. Ingen av oss andre fekk veta kva det dreidde seg om, men det var store saker.»

Leonard Kålberg (*), Brecks medarbeidar, sa med pipa i munnviken: «I så fall skulle det vera råd å finne artikkelen ein eller annan stad der inne.» Breck nikka: «Dersom dei ikkje har tatt han med seg.»

Mordarane hadde tatt artikkelen med seg, både den ferdig oppsette sida og kladden. Dei to frå redaksjonen var ikkje i stand til å finne spor etter nokon av delane. Da, midt i leitinga, stoppa den eine (*), klødde seg tankefullt i det småpistrete skjegget, og sa: «Letraset. Dei hadde laga overskrifta til artikkelen med Letraset. To overskrifter, trur eg. Og arka var nye.» (*)

Breck nikka, men Kålberg såg ut som eit spørjeteikn. Teiknaren forklarte at ein del av overskriftene i Dusken blir laga ved at bokstavar blir overført frå eit plastark til papir. Dersom dei kunne finne dei to plastarka som var nytta, kunne dei og finne ut kva som sto i overskriftene.

Arkitektstudenten med skjegget fann arka, og sa: «Den eine overskrifta har fire store bokstavar: H N P T , og fleire små: a e f g g i k n n n o o p r s t å, pluss ein bindestrek. Fra dette andre arket trur eg vi tok bokstavar til ei overskrift i siste nummer og, men eg er ikkje sikker på kva for ei det var. I alle fall er det berre nytta store bokstavar, så dette er nok hovudoverskrifta. Desse bokstavane er nytta: A A A B C D D D D E E G I K M M N O O O P R R R R S S T T Å Å, pluss eit spørjeteikn.»

Morten Breck tok dei to plastarka. «Dette er reine Nitime-konkurransen. Det skulle vera mulig å løysa denne gåta, med litt tolmod.»

Ein politibetjent kom springande til: «Fullmektig Breck, det er funne eit lik til.» Breck skvatt til: «Her i huset?» Betjenten rista på hovudet: «Nei, i kjølelageret til forretninga Pelsrobe.» (*) Breck pusta ut, tydeleg letta: «Takk og pris. Eg tar til å få nok av denne suspekte bygninga og dette kvasipolitiske miljøet.» Han snudde seg mot Kålberg, men sokk mest saman da betjenten heldt fram:

«Eg er lei for det, men det er nok ein samanheng. Den myrda er ein av veteranane her i huset, og var formannskandidat for Raud Front i fjor haust.» (*)

Duske-teiknaren la til: «Dessutan trur eg ikkje det er tilfeldig at Pelsrobe er inne i bildet...»


Redaksjonsmedlemmar i studentavisa Under Dusken hausten 1979: Lisbeth (Bitte) Bakke (i stolen til venstre), Erik Bull (teiknaren), Sara Eilertsen, Lars Steinar Hansen (lengst bak på golvet), Per Einar Odden (arkitektstudenten), Dag Solberg, Egil Songe-Møller, Svein Storrvik, Geir-Harald Strand (redaktør, på lysbordet til høgre), Bente Aarskog og Torstein Aartun. Dette er ein person for mykje, men forfattaren veit ikkje sikkert kven i redaksjonen som var den tredje overlevande.


Politimeister i Trondheim var Reidar Harkjerr.


Ein hybel er lokalet til ein gjeng i Samfundet. To eksempel på gjengar og gjenghyblar er Under Dusken (raudt) og Klubbstyret (gult).
Daglighallen er det lange rommet med ei nesten vassrett rad med fire prikkar (søyler), og er inngangspartiet når du kjem inn i Samfundet frå baksida.
Musikerloftet («Låfte») ligg under Under Dusken. Der held alle orkester i Samfundet til (minus Strindens Promenade Orchester). I veldig gamle dagar låg Låfte på loftet, men no er det nærmast i kjellaren.
(Romløysinga er frå 1985.)


Kommunistisk Universitetslag (KUL) var ein venstreradikal organisasjon så liten at den kunne halde medlemsmøte i ein telefonkiosk. (To medlemmar i Trondheim.) KUL hadde eit svært positivt syn på Albania og statsleiaren Enver Hoxa. Leiaren for KUL i Trondheim var Stein Erik Jonassen.


Leonard Kålberg er inspiret av Sjöwall og Wahlöös romanfigur «Lennart Kollberg».

For forklaring på Letraset, søk på nettet. Dette var i veldig gamle dagar, før Dusken hadde datamaskiner.

Pelsrobe var ei pelsforretning i Nedre Møllenberggate / Innherredsvegen. (Ved busstoppen Strandveien.) Eigaren hadde sonen Roar Berg som var aktiv i Trondhjem Konservative Studentforening (TKSF).

Formannskandidat for Raud Front hausten 1978 var Jarle Landro. Seinare vart han leiar for Utdanningsforbundet i Sør-Trøndelag. Raud Front var ei gruppering dominert av AKP(m-l) og Raud Vallallianse, det som seinare vart partiet Rødt.


Episode 3: Liket i heisen

Morten Breck hadde aldri kjent større avsky for fenomenet politikk enn han gjorde denne søndagen i september. Hadde han ant kva som venta han, hadde han sagt opp jobben og reist heim til kona. Av to onder... Ti drepne på åtte dagar var ikkje uvanleg kost for Breck, men ti aktive studentpolitikarar - det var i meste laget.


Breck sto utafor pelsforretninga Pelsrobe og såg liket av den tidlegare storsals-aktivisten bli bore ut. Bak seg hadde politifullmektigen dei gapande hola etter kommunens rasering i Innherredsvegen (*), men det registrerte han knapt. Ved sida av Breck sto eigaren av forretninga, pluss dei to som hadde overlevd massakren i Duske-redaksjonen. Begge var bleike, men hadde komme over det verste sjokket. Eigaren av Pelsrobe var òg bleik, og presiserte gong på gong at han aldri hadde sett den drepne før han fant liket under ein stabel persianar.

Morten Breck sukka tungt. Han sa: «Det kan nok vera. Men i følgje desse to...» Han peika på dei to duskemedarbeidarane med pipa. «I følgje desse to er sonen din aktiv i det studentpolitiske miljøet.» Breck grøssa da han sa det. Pelsforhandlaren trekte på skuldrene: «Ja, han er aktiv medlem av TKSF. Stilte som redaktørkandidat til Under Dusken i vår (*). Men eg kan ikkje sjå kva det har med saka å gjera?»

«Ikkje eg heller.» Sa Morten Breck.


To veker etter drapet på formannen, var enno berre halvparten av dei 1500 som hadde vore i Samfundet drapskvelden avhøyrde.


Innherredsveien: Dette gjeld til eit område rett aust for Solsiden (tidligare Trondhjems Mekaniske Verksted, TMV) der det før låg ei rad med låge trehus. Desse vart rive og erstatta av ei rundkjøring.


Den konservative kandidaten ved valet av redaktør til studentavisa Under Dusken våren 1979 var Roar Berg.


Ikkje ein einaste person hadde fortald noko som kunne føre saka framover. Morten Breck fekk stadig større problem med magesyra. Og mindre vart ikkje problema da ei datamaskin slo fast kva som hadde stått i overskriftene til den artikkelen Dusken aldri fekk trykt: «Pentagonforsking på NTH» (*) og «STÅR CIA BAK MORDET?»

Breck tilbrakte fire timar i utanriksdepartementet og ni i samtale med sjefen for overvakingspolitiet, utan resultat. Dersom ein eller annan visste noko, så var dei ikkje interessert i å fortelja Breck det. Det einaste som kom ut av Oslo-turen, var ein saftig konfrontasjon med kona. Morten Breck reiste attende til Trondheim med enda meir magesyre og med eit stort ønske om at etterforskinga måtte dra ut ei god stund til.

Han fikk ønsket oppfylt.


Norges Tekniske Høgskole (NTH) vart etablert i 1910 og vart i 1996 inkludert NTNU, Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet.

Onsdag 19. september, da det tok til å gå opp for folk i Trondheim at dei nok måtte leva med Axel Buch som ordførar i fire år til, satt Morten Breck på Puben (*) og slappa av etter avhøyr nummer 813. Stadig ingen framgang. Og chipsen han hadde fått til hovmeisterbiffen var brent. Dessutan var han i ferd med å få influensa.

Leonard Kålberg kom inn døra. Framme ved bordet der Breck satt, tok han fram ein konvolutt. Sa: «Ein laboratoriefyr har fått ein eller annan idiotisk idé.» Breck åpna brevet. Las. Tok ein solid slurk av pilsen. Hendene dirra. Han sa: «Det var berre dette som mangla. For eit vanvittig kaos...»


Restauranten på utsida av Samfundet heitte i mange år Puben, men skifta seinare namn til Lyche. (Korrekt uttale er Lykke, oppkalla etter NTH-professoren Ralph Tambs Lyche.)

Kålberg sette seg. Breck heldt fram: «Det er blodspora oppe i det der lyskastarrommet. Dei stammar frå denne fyren vi fann ute i pelslageret. Han må vera drepe der oppe. Faen óg.» Kålberg såg forvirra på han: «Ja, er ikkje det bra? Å få løyst det, mysteriet?» Breck slo ut med armane og velta pilsglaset. Det var nesten tomt. Han sa: «Jau da, men korleis i innarste Helvete vart liket flytta derifrå til Pelsrobes kjølelager? Dersom CIA sto bak drapet var det kan hende KGB? Eller kva? Du veit like godt som eg at vi finkjemma kvar bidige millimeter av dette satans huset etter det liket. Og vi fann ikkje eitt hårstrå! Trur du kan hende at ein eller annan kinesisk kontraspion bar det gjennom den maurtua huset var den kvelden, og det utan at ei sjel la merke til det?»

Kålberg bestilte ein pils. Sa: «Ein eller annan har altså myrda formannen i Samfundet, stukke ned denne raudfrontaren, flytta liket av denne siste til Pelsrobe, massakrert redaksjonen av Under Dusken og...» Han heldt inne. Breck nikka: «Du meiner: Kva blir det neste?»

I same augneblinken lukka heisdøra seg bak Under Duskens tidlegare Studenttingsreferent, og heisen tok til å bevege seg opp dei tretten etasjane til kantina på toppen av sentralbygg II på NTH. Heispassasjeren, sentral TKSF-medlem og formannskandidat våren 1978, var på veg til møte i Studenttinget. Ho kom aldri så langt. (*)

I første etasje sto formannen i Grønt Gras saman med vårsemesterets kvinnelige Samfundsformann (*) og såg heisen passera etasje etter etasje - til han stoppa ved trettande. Og der opp vart døra åpna av to som skulle ned. I heisen låg eit vakkert lik.

Da Breck og Kålberg kom til mordstaden, hadde dei lokale politifolka alt slått fast at dei to frå Grønt Gras hadde sett det kvinnelege TKSF-medlemmen gå inn i heisen - i live. Ingen andre hadde vore i nærleiken. Heisen hadde gått heilt opp, utan stopp undervegs. I toppetasjen var heisdøra blitt åpna med ein gong. Da låg ho der - med ei kule i kroppen. Det var ikkje noko spor etter drapsvåpen eller drapsmann.

Eit perfekt lukka rom.

Siri Beate Hatlen var konservativ formannskandidat våren 1978 (og skreiv i ein periode referat frå Studenttinget i Under Dusken). Seinare gjorde ho karriere som profesjonelt styremedlem på høgt nasjonalt nivå, og har også vore direktør i Statkraft og Oslo universitetssykehus.
Dei to bipersonane på bildet er ikkje identifiserte.
Formann for Samfundet våren 1979 var Tove Knutsen, seinare seksjonssjef ved Realfagbiblioteket, NTNU. Formannen for Grønt Gras er ein ikkje identifisert biperson. (Det også mulig at Grønt Gras faktisk ikkje hadde formann. Flat struktur var vanlig på venstresida den gongen.)


Episode 4: Falske spor

Det var ingen tvil: Den tidlegare formannskandidaten til TKSF hadde gått levande inn i heisen i første etasje, heisen hadde så gått heilt opp, og da ho kom fram til 13. etasje var ho myrda, skoten med eit finkalibra våpen, Ingen spor etter drapsmann eller drapsvåpen. Eit nytt mysterium.

Morten Breck fekk influensa.

Han var sengeliggande i ei veke. I mellomtida vart avhøyra av dei 1500 som hadde vore i Samfundet føste september fullført. Under Duskens teori om at CIA skulle stå bak drapa, vart ikkje stadfesta, i alle fall hadde det ikkje vore nokon amerikansk statsborgar i Huset. Derimot to kinesarar. Dette siste var i for seg litt rart, ettersom desse to i eit intervju med Dusken påsto at dei enno ikkje hadde vore i Samfundet. Denne mangelen på samsvar mellom fakta kunne skyldast språkvanskar.

Den dagen Breck drista seg opp av senga etter influensaen, møtte han Kålberg på Puben. Da Breck kom, satt Kålberg og las i ein trykksak i A4-format. «Kontekst» sto det med blå skrift på framsida. (*)

Leonard Kålberg viste Breck trykksaken. Ei stor overskrift slo mot han: «Kontekst løser mordgåten!» Breck greip bladet. Las. Det var ei særs fantasifull historie som enda med at Berge Furre (*) tok livet av ein namngitt TKSF-medlem. Bildet som illustrerte artikkelen var eit tydeleg falsum, Breck såg opp: «Kva i helsike skal dette tyda? Kvifor har ikkje eg høyrd noko om dette?»

Kålberg trekte på skuldrene: «Det heile ser ut til å vera reint oppspinn, for det meste. Eg har sjekka med SIPO (*), dei har ikkje arrestert Berge Furre og toppleiinga i SV. Desse satt faktisk i eit møte på den tida denne Ulstad skulle vorte myrda. SIPO har heile møtet på band. Det skulle vera alibi godt nok.»

Breck nikka, bladde i trykksaken. Så: «Denne fyren som er redaktør for dette organet, er ikkje det sonen til eigaren av Pelsrobe?» Kålberg sa: «Ja. Det kan vera at heile historia er eit forsøk på å dekka seg sjøl. Rettnok har vi ikkje funne noko som skulle seia at han er direkte innblanda i saka, men...» Han tok ein pause før han heldt fram: «Vi har sjekka hos politiet. Denne TKSF-redaktøren har fleire gonger vore anmeldt for butikktjuveri. Truleg er han kleptoman, men eg kan ikkje sjå at det skulle gjera han til mordar.» (*)

Breck bladde litt: «Kva slag gruppering er eigentleg TKSF? Har du lese denne bladfilla?» Kålberg trekte på skuldrene: «Dei ser ut til å vera heller mørkeblå. Sjå til dømes her, på side 5: Denne formannsfyren deires skriv faktisk at den som ikkje har nok evner, ikkje har rett til arbeid: Hvis du mangler evner kan du ikke kreve at noen kjøper din arbeidskraft. Du har ingen verdi for kjøperen - er det da riktig at han skal betale verdiløshet med verdi? Og lenger nede: Det gjelder å snu oppfatningen om at kollektivets behov er mer verd enn individets dyktighet, og om at det er rettferdig å belønne ulønnsomhet. Dette er dønn reaksjonært, det minner stygt om... Nåja, det ligg i alle fall særs langt mot høgre.»

Morten Breck rista forvirra på hovudet. Politikk hadde aldri vore hans sterke side. Han sa: «Eg lurte berre på om det kjem fram noko i dette bladet som kan føra saka vidare.» Kålberg tok ein slurk pils: «Neppe.»

Dei diskuterte litt fram og tilbake, Særleg to spørsmål opptok dei: På kva måte vart liket av raudfrontaren flytta frå FBF til Pelsrobe, og korleis vart TKSF-aren myrda i heisen. Ei eldre dame ved nabobordet høyrde interessert etter. Da dei hadde gått gjennom alle fakta for tredje gong, la ho frå seg strikkinga og bøygde seg over mot dei: «Ikkje at eg vil blanda meg inn, men eg trur faktisk ikkje det er så vanskeleg.»

Ho snakka med utanlandsk aksent, truleg engelsk. Minte om ei eldre engelsk lady, eller kanskje heller ei gammal frøken. Av ein eller annan grunn høyrde Breck og Kålberg oppmerksamt etter medan ho snakka:

«Først eit spørsmål: De sjekka heile huset etter dette liket, inkludert taket?» Breck nikka. Den gamle dama heldt fram: «Det minner meg om den gongen ei niese av meg sakna katta si. Ho var sikker på at ingen hadde åpna døra, så ho måtte vera i huset ein stad. Likevel var ho ikkje å finne nokon stad. De sjekka bakgården og, ikkje sant? Akkurat som eg trudde, Da er det berre ein stad att. Niesa mi fann katta på verandataket, ho hadde hoppa ut vindauget, men det var for langt ned. Så der vart ho sittande.»

Det gjekk eit lys opp for Breck: «Inngangsdøra! Vi sjekka ikkje avsatsen over hovudinngangen til Huset. Visst faen! Drapsmennene har bore liket ut på taket og fira det ned på avsatsen. Seinare er det flytta til Pelsrobe.» Den gamle dama nikka: «Det var slik eg tenkte, eg óg. Men eg er ikkje så sikker på om det var drapsmannen - eller mennene - som gjorde alt dette. Kvifor skulle han - eller dei?»

Kålberg såg skeptisk ut: «Og heisen? Det lukka rommet?» Den eldre frøkna smilte: «Dersom ikkje dei to som såg jenta gå inn i heisen var medskyldige, og dersom det heller ikkje var dei som fann liket i heisen, ja, da kan vel det heile ha gått for seg på berre ein måte. Det var ikkje krutslam ved skotsåret, vil eg tru?» Kålberg såg forbløffa på henne: «Det stemmer. Ekspertane meiner at skotet vart avfyrt på minst tjue meters hald, og så stor var ikkje heisen. Det heile er særs forvirrande,»

Ho smilte att: «Neida, det er dette som gjer alt sa klart. Ei slik heisdør går ikkje att med ein gong du slepper henne, ikkje sant?» «Det stemmer.» «Akkurat. Det minner meg om... Nå ja, det er ein lang korridor der oppe, er det ikkje?» «Ja,»

Kålberg var stadig skeptisk, Breck, derimot. nikka interessert. Han sa: «Akkurat. Det må ha vore slik, Ho var i live da ho gjekk inn i heisen, men før døra hadde slått heilt igjen, var ho skoten. Av ein person i enden av korridoren. Truleg eit småkalibra gevær med lyddempar...» Han såg på den vesle, grå kvinna: «Det ser ut til at du har vore borti slikt før?»

Ho smilte og tok opp strikkinga.


Kontekst: Trykksak som vart utgitt av Trondhjem Konservative Studentforening (TKSF). TKSF vart i 2001 reetablert som Høyres Studenterforening i Trondheim.


Berge Furre: Tidligare stortingsmann og formann i partiet SV. I 1994-96 var han medlem av Lund-kommisjonen som avdekka ulovlig overvaking av den politiske venstresida i Norge - inkludert overvaking av Berge Furre sjøl. Så akkurat denne delen av krimføljetongen frå 1979 er altså ikkje berre oppspinn.
SIPO har aldri heitt «SIPO» (eller «Sikkerhetspolitiet»), men no har det i alle fall fått det illustrerande namnet PST, Politiets Sikkerhetstjeneste.
Påstanden om butikktjuveri er sjølsagt blank løgn, og ingenting anna enn barnslig hemn for at Kontekst prøvde å kuppe krimhistoria.


Episode 5

Morten Breck likte seg ikkje i smoking. Nøytral dress kunne til naud ha gått, men smoking... Premiere eller ikkje premiere (*), Grand Galla eller ikkje Grand Galla: Han kjente seg uvel og malplassert i dette virvaret av snippkjolar og akademiske ordnar. Enkelte av dei som var tilstades minte meir om overpynta juletre enn om teaterpublikum. Ja ja, desse studentane... Heisan, var ikkje det Otto Nielsen? Breck prikka forsiktig Kålberg på skuldra, denne nikka. Det var Otto, ja. Fleire andre fjes i salen verka og kjente, men politimeisteren såg dei ikkje nokon stad. Han skulle nok gå dagen etter, på den såkalla by-premieren.

Breck nippa forsiktig til det merkelege brygget som gjekk under namnet UKE-cocktail. Det smakte ikkje direkte jævlig. Han kjente stressknutane i nakken løysa seg opp medan han tømte flaska. Både Breck og Kålberg rakk å kjøpa ei til for teppet gjekk opp.


Handlinga i det siste kapitlet går for seg 1. november, dato for den andre urpremieren på UKE-revyen 1979, Ræggeti. For den som ikkje er kjent med UKE-tradisjonane: Det har i svært mange år vore meir enn ein urpremiere. I 1979 var det to, og i tillegg bypremiere på søndag. Seinare vart det enda fleire.


I halvmørkret i Studentersamfundets bakgård klatra ein svartkledd person opp veggen og kravla seg inn på det runde taket (*). Han hadde ikkje til hensikt å snika seg inn for å sjå revyen. Den svartkledde huka seg ned for ikkje å bli fanga inn av den snurrande lyskastaren på toppen av huset, og sneik seg forsiktig bort til takluka. Inne på det mørke loftet vart han sittande nokre minutt. Ingen ting rørte seg. Jau, der... To mannspersonar. Dei var på veg mot FBF (*), lyskastarrommet til Regi (*). Den svartkledde stivna. Var det Regi-folk, eller...?

Dei to var framme ved døra. Det blinka i ein pistol. Altså var dei ikkje frå Regi . Den svartkledde hoppa kjapt og lydlaust ned frå stigen han satt i. Sneik seg lynsnart etter dei to. For seint. Gjennom den halvåpne døra såg han at dei to spotkjørarane var slått i svime. Dei to med pistolar sto framme ved luka og såg ned i salen. Av musikken skjøna den svartkledde at finalen på revyen var i gang. Ein av dei to sa: «That's him.» Han løfta pistolen. Sikta.

Den svartkledde hoppa inn. Eit raskt slag mot nakken sette den eine av dei to ut av funksjon. Den andre snudde seg brått, løfta våpenet. Eit velretta spark mot handleddet, og pistolen hamna i eit hjørne. To raske slag, og kampen var over. Den svartkledde såg ned på scenen. Ingen hadde merka noko, såg det ut til. Finalen gjekk sin gang.

Han gjekk ut av det vesle rommet, ned trappa. Med eitt vart ei kraftig lykt tent. Den svartkledde stirra forskrekka mot det skarpe lyset. Det glimta skarpt i ein kniv. Ein kort augneblink sto han som lamma, så reagerte han: Eitt kraftig spark knuste lykta. Blenda som han var av det brå lysskjæret, såg han ingen annan utveg enn å snu seg og flykte. Han smatt inn ei dør - og ramla ein meter rett ned. Såg seg raskt om: Han var like over scenen. Under han dansa dei stadig. Bak han åpna døra seg.

Det var berre ein veg: Rett ned den bratte stigen til scenen. Den siste halvanna meteren hoppa han. Mannen med kniven var sa nær at han mest trampa på fingrane hans idet han hoppa.

Det vart ein revyfinale ingen nokon gong hadde sett maken til. Frå plassane sine omlag midt i salen, såg Breck og Kålberg den svartkledde hoppa ut på scenen, tett følgd av ein breiskuldra person med kniv i handa. Begge blunka forvirra mot lyskastarane. Skodespelarane rygga bakover. Musikken stoppa. Mannen med kniven gjorde eit utfall. Hadde ikkje den svartkledde hoppa bakover, ville han fått snitta opp mellomgolvet.


Bakgården i Samfundet vart bygd igjen i 1985, så det er ikkje lenger mulig å klatre opp på den måten som den svartkledde gjorde.


Når det gjeld FBF, Regi og geografien i Huset: Sjå kommentarar tidligare.

Breck tenkte: Dette er betre regissert enn fektekampen... Da den svartkledde sendte knivmannen i scenegolvet ved å plassere kneet under haka hans, braut det laus ein applaus større enn nokon gong den kvelden. Kålberg brølte inn i øyret til Breck: «Han der er ikkje skodespelar, for faen. Den kampen var ekte!» Breck blunka. Med eitt var han klinkande edru: Den svartkledde... Breck visste kven han var, han hadde avhøyrt han i samband med massakren på Dusken. Det var formannen for den vesle grupperinga... KUL (*), var det visst.

Kålberg hadde alt reist seg. Oppe på scenen sto den svartkledde og pusta tungt, medan han vinka avverjande med hendene mot publikum, som ikkje ville gi seg. Da Breck og Kålberg klatra opp på scenekanten trudde mange det var instruktør og koreograf som kom, noko som ikkje gjorde applausen mindre.

Breck såg seg om etter ein mikrofon. Kålberg stakk bak scenen, fann ein. Det tok eit halvt minutt før folk hadde roa seg såpass at dei høyrde kva Breck sa: «Eg er frå politiet. Namnet mitt er Morten Breck. Politifullmektig i kriminalpolitiet, mordkommisjonen.» Applaus. «Dette er alvor, for faen.» Meir applaus. Morten Breck banna litt for kraftig til at det burde gått ut over ein høgtalar. Den svartkledde tok mikrofonen frå han. Sa:

«Eg vil be om ro i salen. Eg må berre seia meg lei for at eg på denne måten braut inn i forestillinga, det var diverre ikkje til å unngå. Forklaringa er som følgjer: Som vel dei fleste veit, vart formannen i Samfundet skoten her i salen første september. Årsaka til dette var: Det er i lengre tid drive forsking på NTH finansiert av den amerikanske hæren. CIA har hatt folk plassert i Trondheim for å dekka dette. Samstundes har ein KGB-agent, denne fyren her...» Han peika bakover. «Samstundes har han forsøkt å få tak i resultatet av denne forskinga. Ein framståande medlem av Raud Front oppdaga dette gjennom sin kontakt med to kinesiske agentar som er plassert her i byen for å forhindra at KGB får tak i materialet, da dette etter kinesarane si meining vil styrke Sovjet.»

Breck sukka tungt. «Så var det altså det det dreidde seg om, likevel.» Den svartkledde heldt fram:

«Første september oppdaga CIA at raudfrontaren hadde kjennskap til forskinga. To agentar jaga han gjennom huset, opp til FBF. Derifrå ringte han ned til styrebordet, og ba formannen avsløra det heile for Storsalen, i håp om at han sjøl ikkje ville bli drepen dersom fleire fekk kjennskap til saka. Slik gjekk det ikkje. Både formannen og raudfrontaren vart som kjent myrda. KGB-agenten sørga etterpå for å flytta liket av raudfrontaren til Pelsrobes kjølelager, for å kasta mistanke i ei bestemt retning.»

Breck mumla for seg sjøl: «Akkurat som den gamle dama sa...» Kålberg spurde: «Og duskeredaksjonen? Hadde dei avslørt saka?» Den svartkledde nikka:

«Ein kvinneleg redaksjonsmedlem i Dusken hadde fått kjennskap til saka gjennom ein venn av henne som jobbar på Kybernetikk på NTH. CIA sto bak massakren av redaksjonen. Derimot var det KGB-agenten som tok livet av ho i heisen. Dette trur eg var eit mistak. Ho visste truleg ingen ting.»

Breck mønstra den svartkledde med blikket fylt av skepsis: «Og på kva måte har så du dukka opp i dette?» Mannen sa: «Som kjent er KUL Trondheim nedlagt.» Replikken førte til forvirring i salen. Fleire spurte: «Kva er KUL?» Den svartkledde heldt uanfekta fram:

Stein Erik Jonassen var leiar for Kommunistisk Universitetslag (KUL), som altså var ein venstreradikal organisasjon så liten at trondheimsavdelinga kunne halde medlemsmøte i ein telefonkiosk.


«Som eit ledd i våre planar om å ta meir aktivt del i klassekampen på universitetet, har vi kasta oss inn i etterforskinga av denne drapssaka. Da det gjekk opp for oss, etter grundige studiar, korleis det heile hang saman, skjøna vi at vi måtte legge ei felle for imperialistagentane. Vi sette difor ut rykte om at teatersjefen (*) etter forestillinga i dag ville avsløra drapsmennene, Der oppe...» Han peika mot FBF. «...ligg dei to CIA-agentane, uskadeleggjort, og her er KGB-agenten. Værsågod.»

Det var stilt nokre sekund. Så braka applausen laus.


Teatersjef for SIT (Studentersamfundets Interne Teater) i 1979 var Svein Gladsø, seinare professor ved Institutt for kunst- og medievitenskap ved NTNU.


Ansvarlig for denne nettsida: Idar Lind