Om Idar Lind


Bøker


Dramatikk


Songtekstar


Andre tekstar


Lenker


På fjesboka



Idar Lind: Bøker, dramatikk, plater

Vis alt

PROSA:
Romanar
Noveller
Antologiar
Sakprosa

DRAMATIKK:
Film
Teater
Revy
Instruksjon

Omsetting
Songar
Plater
DVD

I utlandet


Søk: Hotell Tordenskjold (2)
Hotell Tordenskjold (2) (1985, roman, Aschehoug)
Kriminalroman med António Steen og Axel Breheim.
I utlandet:
- Hotell Tordenskiold (Hovedland forlag, Danmark 1986).
- Otel' «Turdensold» (Terra, Russland 1995).
 

- Føljetong i Adresseavisens lørdagsbilag Uke-Adressa 1986.
- Billigutgåve: Aschehougs Favør-serie 1987, Maxibok 1991.
- Storskriftbok: Hilt & Hansteen 1991.
- Lydbok: Hilt & Hansteen 1991.
Ideen til romanen kom frå krimnovella Hotell Tordenskjold (1).

Hovudpersonane i Hotell Tordenskjold vart omhyggelig konstruert med det som mål at dei skulle fungere som gjennomgangsfigurar i ein serie kriminalromanar: Den mørkhuda trondhjemmeren António Steen og den alkoholiserte politimannen Axel Breheim. Den eine blir tatt for å vera innvandrar, den andre for å vera uteliggar. Dette plasserer begge i utkanten av det normale samfunnet - både i eigne og andres auga.

Eg er meir enn villig til å akseptere den påstanden at António og Breheim stygt nærmar seg klisjeane. Dette er meininga. Hotell Tordenskjold er i det store og heile ein leik med kriminalsjangeren. Den som jaktar etter det, vil finne bevisst utplasserte spor etter mange kriminallitterære retningar.

Det er også mulig å finne spor frå romanen Stengte dører. Det mest synlige er Breheims kollega frå Kriminalpolitisentralen, førstebetjent Inger Skov. Ikkje fullt så opplagt er ungjenta Bente, som António kolliderer med i andre kapittel.

António Steen og Axel Breheim dukkar opp igjen i seinare bøker.

Hotell Tordenskjold fekk første pris i Aschehougs krim- og spenningskonkurranse i 1985.

Hotell Tordenskjold og delar av persongalleriet dukkar opp i fleire bøker gitt ut under namna Idar Lind, Telma B.S. Hansen og António Steen (klikk Hotell Tordenskjold for liste), og spelar også ei rolle i Alte kameraden av Fredrik Skagen (1990) og Dødelig madonna av Fredrik Skagen og Gunnar Staalesen (1993). I den siste overnattar Varg Veum på Hotell Tordenskjold.


Foto av Idar Lind: Tove Knutsen. Ansvarlig for sida: idar@lind.no.