Vinsjan på kaia Den nye visegruppa Vår egen lille verden Langt igjen te RAH Fattigfolks lærdommer Det umulige e mulig En mann må gjørra ...
                                                                                       Meny  


Kjøp boka:  

 
Spelelister

Alle D.D.E.-songar med tekst av Idar Lind:

 

Hver gang vi møtes 2015, Bjarnes Brøndbos dag:

 

DDR-versjonar:

 

Gluntan:

 

JeremiA/S Bakfot
Om ei visegruppe - og om visemiljøet

Visegruppa JeremiA/S Bakfot bestod av seks medlemmar av vise- og lyrikklubben Rubb og Stubb i Trondheim:

• Ola Dimmen (gitar, ukulele, seljefløyte, song)
• Marit Garberg (blokkfløyter, bass, song)
• Idar Lind (song, gitar, mandolin, bass, perkusjon)
• Jan-Erik Pettersen (song, gitar, banjo, bouzouki, perkusjon)
• Asbjørn Solheim (song, bass, gitar)
• Randi Vik (song, trekkspel, klarinett)

 

Gruppa hadde eit repertoar som dels var materiale laga av Idar Lind og Asbjørn Solheim, dels tradisjonelle og nye viser av andre. Den samfunnskritiske profilen var merkbar, med sterke innslag av reinhekla humor.

Vise- og lyrikklubben Rubb og Stubb vart starta i 1971 av ein vennegjeng frå Songlaget i BUL. Den eine hadde ansvaret for drifta av Trønderheimen og stilte lokale til disposisjon, eit rom med nasjonalromantisk interiør laga av treskjeraren og norskdomsmannen Lars Kinsarvik. På fotoet frå Adresseavisen 10. februar 1976 sit Trønderheim-sjef Olav Engan i kvit jakke ved enden av bordet. Tre seinare medlemmar av JeremiA/S Bakfot er til stades: Jan-Erik Pettersen og Marit Garberg heilt til høgre, og Ola Dimmen med den andre gitaren.

 

Før 1976

JeremiA/S Bakfot sprang ut frå og hadde ein stor del av aktiviteten i det stadig veksande visemiljøet. Det var langt frå slik at det dukka opp viseklubbar på kvart nes i landet, men omfanget gjorde at det etter kvart var naturlig å organisere seg. Nordnorsk Viseforum vart starta med interimstyre i 1972 og formelt danna året etter. I 1973 vart også interimstyret for Østnorsk Viseforum etablert. Seinare kom dei andre regionane etter. Den nasjonale overbygninga Norsk Vise- og Lyrikkforum vart etablert i august 1975. Ikkje lenge etter oppstod Trøndersk Vise- og Lyrikkforum.

Røtene til visemiljøet kan sporast langt tilbake, men det kan nok seiast at den nyare historia starta med etableringa av viseklubben Dolphins i Frisksportrestauranten i Oslo 12. mars 1966. I boka Vinsjan på kaia gir kapitlet Den nye visegruppa ei komprimert framstilling av denne historia.
( Kjøp hos notebutikken.no)

 

Frå dagspressa

Danning av interimstyre for Nordnorsk Viseforum (Aftenposten 24.6.1972).
Formell stifting av Nordnorsk Viseforum (Aftenposten 3.7.1973).
Etablering av Østnorsk Viseforum (Aftenposten 6.8.1973).
Den første utgåva av radioprogrammet Visekvarten (Aftenposten 4.9.1973).
Visefestivalen i Mandal (Aftenposten 25.6.1974).
Visefestivalen i Mandal (Aftenposten 16.7.1974).
Forumfestivalen i Arendal (Aftenposten 12.7.1974).
Viseverksted på Vinstra (Aftenposten 20.7.1974).
Formell stifting av Østnorsk Visefoum (Aftenposten 5.8.1974).

 

1976

Våren 1976 vart det første visetreffet i regi av TVLF arrangert på Inderøya. (Foto over, klikk for større.)

Gruppa JeremiA/S Bakfot vart danna 30. september 1976 og måtte spleise på kontrabass, noko som gav arbeidstittelen A/S Bass & sønn. Debuten kom i november på Skogn folkehøgskole, under eit arrangement i regi av viseklubben Vise Versa. Medlemmane i Rubb og Stubb fekk høyre gruppa for første gong under det tradisjonelle julebordet i desember, dette året på Selskapssida i Studentersamfundet.

 

1977

• 14. januar: Firmafest, Trønderheimen.
• 29. januar: Konsert på Knaus, Studentersamfundet.
Vis repertoaret 29. januar 1977.

• 5. februar: Aperetif på lørdagsmøte i Studentersamfundet.
Tema for møtet i Samfundet var «Finnes det intellektuelt grunnlag for ateisme?». På repertoaret hadde vi allereie Møte i Ravnkloa. Same dagen skreiv vi og øvde inn Bedehus blues. Det korte innslaget (fire nummer som også inkluderte Alf Prøysens Trestemt sang) gav JeremiA/S Bakfot eit fortjent rykte som heidingar.

• 11. februar: Rådssalkonsert, NTH.
• 12. februar: Kunstnerisk på lørdagsmøte i Studentersamfundet.
Vis repertoaret 11. februar 1977.

• 11. mars: Med på Visens dag i Trondhjems Kunstforening, arrangør Trøndersk Vise- og Lyrikkforum.
• 18. mars: SV-fest, Jernbanefolkets hus.
• 22. mars: Chileaksjonen, Selskapssida i Studentersamfundet.
• 26. mars: Studentersamfunnet ved Norges Landbrukshøgskole, Ås.

 

• 4. april: NRK-opptak, NRK Trøndelag.
Innslaget vart sendt 12. april i serien Itj berre jabb med Gunnar Flikke som programleiar. Av fem nummer var Berre ta te tåran det einaste heilt sjølvproduserte, i tillegg til at Jan-Erik Pettersen hadde laga melodi til Prøysen-teksten Fargeskala. Den satiriske versjonen av Nidelven er av for oss ukjent opphav.

 

• 15. mai: Konsert, Trondhjems Kunstforening.
Vi arrangerte konserten i kunsforeninga sjølv og hadde eit netto overskott på 150 kroner.

Til høgre: Gatekonsert våren 1977 med medlemmar av Rubb og Stubb: Idar Lind, Randi Vik, Ola Dimmen, Ann-Carin Bøyesen, Gry Sveen og Magnar Nesset.

 

• 22. juli: Med på konsert under festival i Selbu.
• 23. juli: Med på konsert under festival i Selbu.

Festivalen vart arrangert av Norsk Vise- og Lyrikkforum (i samarbeid med Trøndersk Vise- og Lyrikkforum).

Svart/kvitt-foto: Knut Utler.
Fargefoto: Idar Lind.

(NB: Klikk for større foto.)

 

Selbu 1977. Over, i tillegg til medlemmar av JeremiA/S Bakfot: Bilde 2: Jan Eggum. Bilde 3: Geir Atle Ersland og Ingvar Hopland. Bilde 4: Paal Sandø.

Selbu 1977. Over til venstre: Kalle Zwilgmeyer.

Selbu 1977. Over til venstre: Pål H. Djuve, Erik Hansen, Rita B. Mjåseth og Magne Lindholm. Til høgre: Helge Dillan, Ruth Austeen og Paal Sandø.

Selbu 1977. Over til venstre: Mellom andre Magne Lindholm, Lars Lydersen Bjerregaard, Erik Hansen, Egil Johansson, Elin Prøysen og Jens Bjarne Mohrsen. Midt på: Jens Bjarne Mohrsen tar bilde av mellom andre Gunnar Kvarme (med gitar). Til høgre: Per Hommelhaug og Arne N. Olstad.

• 4. august: Naustet Vårt, Jazzfestivalen i Molde.

Vi delte kvelden med Hørkelgaddan, frå venstre på bildet under: Helge Husby (fele), Rolf Kristian Holte (gitar), Tor Erik Jenstad (trekkspel), Baard Aarnes (bass) og Arild Hoksnes (fele). På dei neste: Pål H. Djuve (med Asbjørn Solheim på bass), Alf Cranner og Odd Børretzen - og vi.

Entusiastisk innsats i Naustet Vårt under jazzfestivalen førte til at JeremiA/S Bakfot fekk heidersprisen Naustveven, som var laga kollektivt av publikum i løpet av festivalveka. Gruppa vart også invitert tilbake året etter.

• 3. september: Aperetif, Studentersamfundet.
• 14. september: Bispehaugen og Rosenborg beboerforening.

 

• 13. oktober: NRK-opptak, Visekvarten.
Innslaget vart sendt 25. oktober. Programleiar var Kalle Zwilgmeyer. Framføringa av Traktorvisa førte til at Ivar Simastuen møtte opp hos NRK med advokat (eller var det to advokatar?) og la ned forbod mot at songen vart brukt offentlig med hans melodi.

Berre ta te tåran (tekst Idar Lind, melodi Asbjørn Solheim)
Traktorvisa (tekst Idar Lind til ein melodi av Ivar Simastuen)
Visa hans Simon (tekst Idar Lind, melodi Asbjørn Solheim)
Kivlemøyane (trad.)

 

• 3. november: Knaus, Studentersamfundet (UKA-77).
• 11. november: Knaus, Studentersamfundet (UKA-77).
• 23. november: Musikkvertshuset Kanalen.

 

1978

• 18. januar: NRK-opptak, Nattergalen.
Innslaget vart sendt 20. januar. Første og einaste gongen JeremiA/S Bakfot spelte radioteater. Med Asbjørn Solheim som forteljar, Idar Lind som Nøkken, Jan-Erik Pettersen som produksjonssjef og Randi Vik som lysreklame.

Nøkken (tekst Idar Lind, melodi Jon Sverre Berg)
Bakfot bånsull (tekst og melodi Idar Lind)
Kivlemøyane (trad.)

 

• 27.-29. januar: Viseverkstad på Vikhammer, Malvik.

 

«Viseverkstad» er eit ord som vart funne opp av Lars Hauge. Den første samlinga av dette slaget vart arrangert under Festspillene i Nord-Norge i 1971. Medlemmane i JeremiA/S Bakfot vart etter kvart trufaste deltakarar ved slike høve. Til viseverkstaden på nyåret 1978 kom også gruppa Bøgdalaget frå Hegra i Stjørdal kommune. På det høgre bildet: Eva Marie Venæs (seinare Wangen), Birgitte Bjørngaard, Steinar Venæs, Wenche Bjørngaard, Ole T. Hofstad, Grethe Venæs (seinare Kveli) og Arne Fridthjof Venæs. Lis Lauvdal underviste i dokketeater. NRK gjorde opptak til serien «Viseklubber - mer enn visesang».

 
• 9. mars: Sør-Trøndelag Naturvern, Nidarøhallen (i eit lite møtelokale).
 
• 11. mars: Kunstnerisk, Studentersamfundet.
Vis repertoaret 11. mars 1978.

Opptaket av Det brenner et lys på Torshov er gjort under øving ein månad før framføringa i Samfundet.

• 11. mars: Knaus, Studentersamfundet.

• 8. april: Med på konsert i Stjørdal kino under årsmøte i Trøndersk Vise- og lyrikkforum.
• 8. april: Med på visekro i Stjørdalsstua.

• 13. april: Årsmøte i Trondos, Folkets hus i Trondheim.
• 14. april: Årsmøte i Trondos, Malvik samfunnshus.

• 15. april: Peder Morset Folkehøgskole, Selbu
saman med Bøgdalaget.

• 26. april: Med på «Oljespill», miljøkonsert i Studentersamfundet.
• 12. mai: Knaus, Studentersamfundet.

• 2. juni: Visetreff i Duved, Sverige.

• 4. juni: Namsos jazz- og viseklubb, Grandkjelleren.

• 11. juni: Konsert under Vårens musikkfestdager, Frimurerlogen.
Konserten vart arrangert av vise- og lyrikklubben Rubb og Stubb med ulike medlemmar og gjestar på programmet, inkludert JeremiA/S Bakfot.

 

12. juni: Viseklubber - mer enn visesang (NRK TV)
Opptaket av Bakfot bånsull vart gjort i januar under viseverkstaden på Vikhammer. Dette skulle bli den einaste gongen gruppa var på TV. I dei tre episodane i serien dukka mange av visevennane våre opp.

 

Pål H. Djuve: Rosa Linn.
Tekst: Per Jan Ingebrigtsen.
Melodi: Pål H. Djuve.

 

Sinikka Langeland: Ærfuglen.
Tekst: Kalle Zwilgmeyer.
Melodi: Sinikka Langeland.

 

Kari Vollan (sainare Thue): Visa vid midsommartid.
Tekst: Rune Lindström.
Melodi: Håkan Norlén.
Opptak i vise- og lyrikklubben Vise Versa, Skogn 1978.

 
NRK-serien
Viseklubber - mer enn visesang
bestod av tre TV-program om visemiljøet over heile landet. JeremiA/S Bakfot var med i det siste.

 

• 30. juni: Med på konsert på Smørholmen, Vevang.
• 1. juli: Med på konsert i forsamlingshuset, Vevang.
For andre gong arrangerte Norrsk Vise- og Lyrikkforum festival for medlemmar frå heilelandet, denne gongen på Vevang i Eide kommune på Nordmøre. Foto under: Klikk for større.

 

• 8.-9. juli: Tråilltampen, Storjord i Tysfjord.
Ein del av JeremiA/S Bakfot tok turen nordover til det som var den viktigaste (vise-)festivalen i Nord-Norge, kanskje i heile landet.
 

 

 

• 31. juli: Naustet Vårt, Jazzfestivalen i Molde.
Etter deltakinga året før, vart JeremiA/S Bakfot i 1978 invitert tilbake for å opne festivalveka. Utanriksminister Knut Frydenlund sat på den eine fiskekassen. Bakfot-medlem Idar hadde vunne plakatkonkurransen.
 

 

• 8. september: Med på visetreff, Ringve museum.
Arrangert av Norsk Vise- og Lyrikkforum og Rubb og Stubb. Denne kvelden var JeremiA/S Bakfot trulig dei første som framførte Ellinors vise (Sluttsang) i Trondheim.

Gatekonserten til høgre (med medlemmar av Rubb og Stubb og styret i NVLF) vart trulig arrangert i samband med visetreffet.

 

• 16. september: Med på konsert under viseverkstad i Namsos.
Arrangert av Trøndersk Vise- og Lyrikkforum. Foto under: Gunnar Kvarme (ståande), Asbjørn Solheim, Torild Løvmo, Grethe Venæs, Arne Fridthjof Venæs og Ole T. Hofstad.

 

Bøgdalaget: Første kyss.
Tekst og melodi: Ole T. Hofstad.

 

Bøgdalaget: Deilig e jorda.
Tekst: Ole T. Hofstad.
Melodi: Bertil Hallin/trad.

 

Per Hommelhaug: Vår i bakgård’n.
Tekst: Gry Sveen.
Melodi: Per Hommelhaug.

 

• 19. september: Norsk Forfattarsentrum, Kunstindustrimuseet.
• 24. september: Bondeungdomslaget, Gildevangen.

• 12. oktober: Samlivsutstillinga, Trondhjems Kunstforening.
Vi laga eit spesialprogram til denne utstillinga med materiale som vi hadde på repertoaret, supplert med anna. Asbjørn Solheim sette melodi til Jens Bjørneboes Kjøkkensangen frå teaterstykket Til lykke med dagen, vi brukte Rosa Linn (sjå lenger opp på sida), og vi framførte (kanskje for første gong i Trondheim?) Kjærlighetsvisa som Halvdan Sivertsen gav ut på plate året etter.

• 15. oktober: Med på energikonsert, Studentersamfundet.
• 18. oktober: Samlivsutstillinga, Trondhjems Kunstforening.
• 31. oktober: Samlivsutstillinga, Trondhjems Kunstforening.
• 16. november: Med på støttemøte for streikande polarbeidarar, Studentersamfundet.

17. november: Toill-låt, Sund folkehøgskole.
18. november: Toill-låt, Pyramid jazzklubb, Steinkjer.
19. november: Toill-låt, Backlund hotell, Levanger
Turné saman med gruppa Bøgdalaget frå Hegra. Fotoet i Trønder-Avisa 15.11.1978 er tatt på ei hengebru i Stjørdalen. Frå venstre: Terje Espeland, Ole T. Hofstad, Arne Fridthjof Venæs, Marit J Garberg, Randi Vik, Ola Dimmen, Grethe Venæs (seinare Kveli), Idar Lind, Birgitte Bjørngaard, Jan-Erik Pettersen og Asbjørn Solheim. Wenche Bjørngaard og Eva Venæs (seinare Wangen) var også med på turneen. (Klikk for større versjon.)

• 8. desember: Elevfest, Vernepleieskolen i Klæbu.

 

1979

• 15. februar: Trubadur visekro.
Gjennom fleire år arrangerte vise- og lyrikklubben Rubb og Stubb konsertar i Trubadur Restaurant. Det er mulig at det starta denne kvelden med JeremiA/S Bakfot. Foto under er frå ei visekro våren 1979 og viser Øyvind Sund, Gry Sveen, Per Hommelhaug og Asbjørn Solheim.
Vis repertoaret 15. februar 1979.

• 10. mars: Kunstnerisk, Studentersamfundet.
Tema for møtet var «Kirken som forsvarer av klassesamfunnet». Vi laga eit halvtimes program som delte salen i to: Dei som var med oss og dei som var mot oss.
Vis repertoaret 10. mars 1979.

Om videoen til høgre ikkje fungerer:
Høyr opptaket i YouTube. (31 minutt.)

 

• 17. mars: Sosialskolen / SV, Sentrum restaurant.
• 30. mai: Med på nordisk vissetreff, Ringve.

• 20. juli: Med på festivalkonsert i Alta.
Det var ikkje tilfeldig at Norsk Vise- og Lyrikkforum hadde lagt den årlige festivalen hit. Viseverkstaden resulterte mellom anna i det som skulle bli kampsongen for Altaaksjonen, Detsika-visa. (Leiren til demonstrantane låg på den tida i Detsika.) Under konserten 20. juli vart det gjort opptak som vart brukt i filmen La elva leve og også gitt ut på plate. Her var JeremiA/S Bakfot representert med Respekt for loven (tekst Jens Bjørneboe, melodi Asbjørn Solheim).

Detsika-visa vart framført av komponisten Atle Hansen saman med deltakarar på viseverkstaden. Tekst: Ragnar Olsen, Brynjar Tollefsen og Idar Lind.

 

Over: Per Hommelhaug med gitar, ståande Lars Hauge og Rolf Sogge. Frå viseverkstaden ser vi kursleiarane Sverre Kjelsberg og Ragnar Olsen og kursdeltakarane Marit Garberg og Anne Kleivset. På bildet til høgre kan vi i bakgrunnen også ane kursleiarane Ola Graff og Odd Arvid Eilertsen, begge frå Nordnorsk Visegruppe.

Over til venstre: Aksjonistleiren i Detsika. Felespelaren er Sigmund Larsen i gruppa Åsgardsreia frå miljøet ved Landbrukshøgskolen i Ås, mens Ragnar Olsen spelar torader Asbjørn Solheim frå JeremiA/S Bakfot bass. Med gitar Gisle Krogseth.

Lengst til venstre over: Rolf Sogge og Per Helge Malvik. Midt på Frank A. Jenssen frå Tysfjord Sang & Sement (bass) og Gisle Krogseth (gitar). Til høgre mellom andre Sverre Kjelsberg (bass), Pål H. Djuve (gitar), Gudmund Rydning (gitar) og deretter Kari Mikaelsen, med Randi Vik frå JeremiA/S Bakfot lengst til høgre.

 

• 11. september: Med på Chilekonsert, Studentersamfundet.
• 6. november: Knaus, Studentersamfundet (UKA-79)
• 25. november: Norsk Målungdom / Bondeungdomslaget, Gildevangen.

 

1980

• 18. mars: Med på P2-konsert, Sentrum kino.
Arrangør var aksjonen «P2 ut av Oslo».

• 18. april: Konsert på Knaus, Studentersamfundet.

 

• 29. mai: Opptak for NRK-Trøndelag.
To viser:

Vals (tekst Idar Lind, melodi Asbjørn Solheim).

 

Songen om å trivas i Trondheim (tekst Idar Lind, melodi Asbjørn Solheim).

 

• 10. juni: Med på friluftskonserten «Barnemat og borgballade», Sverresborg folkemuseum.
Arrangør var vise- og lyrikklubben Rubb og Stubb.

 
 

18. april 1980 var siste gongen JeremiA/S Bakfot stod på ein scene med fullt mannskap, 10. juni var 5 av 6 med (Ola Dimmen mangla). Heilt slutt var det likevel ikkje. Gruppemedlemmane dukka opp i ulike samanhengar i visemiljøet og andre stadar.

 
 

• 1.-3. august: Vestlandsfestivalen på Ulvensletta ved Os.
Samtidig hadde Norsk Vise- og Lyrikkforum årsmøte.

 

Over: Ei gruppe nordvestlendingar, Reidar Brendeland, Anne Kleivset og Hans Jørgen Høines.

Over: Publikum. Dei tre til venstre er Lars Hauge, Per Jan Ingebrigtsen og Idar Lind.

Over: Styret i Norsk Vise- og Lyrikkforum, bak Tore Haraldsen og styreleiar Rolf Sogge, framme frå venstre Pål H. Djuve, Hilde Hamnes, Randi Vik, organisasjonssekretær Idar Lind og Kjell Skeide. På scenen: Fire frå JeremiA/S Bakfot (Jan-Erik Pettersen, Ola Dimmen, Randi Vik og Idar Lind) med Tore Haraldsen på bass.

På scenen under Vestlandsfestivalen: Sverre Kjelsberg, Lars Hauge, Tore Haraldsen og Per Hommelhaug.

 

• 8.-10. august: Digrefestivalen på Stiklestad.
Arrangør Trøndersk Vise- og Lyrikkforum.

 

Frå Digrefestivalen 1980: Svein Bjerken, Jens Friedland Band, Bøgdalaget (på bildet Ole T. Hofstad, Grethe Venæs Kveli og Terje Espeland) og fire frå JeremiA/S Bakfot (Jan-Erik Pettersen, Asbjørn Solheim, Randi Vik og Idar Lind).

 

1981

• 23. april: Trubadur Visekro.
Med mellom andre Svein Bjerken, Stive Fingra og den nystarta gruppa Kontrabande. Medlemmane var Randi Vik (song), Asbjørn Solheim (gitar), Roar Dons (gitar) og Johan Tønnesson (fele). Idar Lind var bakmann og tekstforfattar. Gruppa eksisterte ikkje så lenge. Stive Fingra: Dag Clas'n Jakobsen (bass), Gerd Gudding (fele), Otto Teigseth (trommer), Per Olav Hernes (gitar) og Bård Fredriksen (gitar).

 

• 26.-28. juni: Draugenfestivalen på Senja.
Draugenfestivalen vart i fleire år arrangert i Mefjordvær på Senja. Eitt av innslaga i 1981 var ved det omreisande NVLF-seminaret «Verseføtter på reisefot».

Over: Verseføtter på reisefot. Lengst til høgre: Hermod Hanssen, Barbro Fossland, Mari Hagen og Kari Vollan (seinare Thue). Deretter Kari Knoph og Jan-Erik Pettersen, Kari Vollan og Tore Haraldsen, og til høgre Tore Haraldsen og Leo Leonhardsen.

Over: Ulv Holbye (gitar) og Rikard Olsen (trommer). Til høgre to foto med gruppa Synkh frå Harstad.

Over til høgre: Tre foto med gruppa Karlsøy Prestegård.

Over med gitar: Steinar Albrigtsen.

• 26.-27. juni: Digrefestivalen på Stiklestad.
Arrangør Trøndersk Vise- og Lyrikkforum og Verdal kulturstyre.

Digrefestivalen: Pekis Band, Laila Daling og Geir Hansen, Jon Daling, Hans Rotmo og Stjørna Visegruppe.

 

1982

• 13. juni: Feginsfestivalen i Småbergan, Trondheim.
Arrangør vise- og lyrikklubben Rubb og Stubb. Det litt kryptiske festivalnamnet er inspirert av stadnamnet Feginsbrekka («gledas bakke») som var det punktet på Byåsen der pilegrimane såg Nidaros for første gong. Dette var den andre og siste Feginsfestivalen.

Over til høgre: Fire foto av Trondheim Sympatiorkester med Tore Brunborg (sax), Nils Petter Molvær (trompet), Arild Schei (bass), Frode Alnæs (gitar) og Ernst Wiggo Sandbakk (trommer).

Over til høgre: Medlemmar av Rubb og Stubb syng for barn.

Over til høgre: Body and Soul med Bjørn Rasmussen (trompet), Bjarne Bårdstu (bass, vokal), Rolf Isaksen (altsax), Terje Espeland (tenorsax), Per Eggen (trommer), Helge Basmo (gitar, vokal), Nils ivar Damm (piano, vokal).

Over til høgre: Bøgdalaget med Terje Espeland (sax), Ole T. Hofstad (gitar), Grethe Venæs Kveli (kornett), Arne Fridtjof Venæs (bass), Odd Håve (trekkbasun), Johan Aune (trommer), Birgitte Bjørngaard (vokal), Stig Stræte (vokal), Wenche Bjørngaard (piano).

Over til høgre: Over Alpene med NN (bass), Roy Morkemo (gitar), Anne Kværnø (tverrfløyte), Tor Kværnø (blokkfløyte, trompet), Annouso Røe (perkusjon), Vienoula Røe (vokal, klarinett, perkusjon), Oluf Dimitri Røe (fiolin, bratsj, vokal), Kristin Jæger (fiolin), Gabriel Fliflet (trekkspel, vokal) og Per Ivar Kristiansen (trekkspel).

Over: Frank Fiasko and Nobody's Perfect med Frank Aune (bass, song), Tom A. Sæterhaug (keyboard, song), Dagfinn Leinum (gitar), Jan-Erik Mihle (gitar) og Lars Almås (trommer). Over til høgre Kalass (med Lasse Kolsrud til høgre).

Over: Hans Rotmo og Sirkus Jorda, det siste ei forestilling laga av teatergruppa i Kvinner for fred saman med sympatisørar.

 

Etter 1983

Trøndersk Vise- og Lyrikkforum arrangerte Digrefestivalen på Stiklestad også i 1983 og 1984. Den organiserte viseaktiviteten i Trøndelag dabba sakte av på andre halvdel av 1980-talet. Etter ein lang pause dukka organisasjonen opp igjen på 2000-talet som Midt-Norsk Viseforum, men utan den heilt store aktiviteten.

1987 kan på mange måtar reknast som slutten på den visebølga som starta på 1960-talet, for eksempel la både Tråilltampen og Naustet Vårt i Molde ned aktiviteten det året. Tråilltampen har dukka opp sporadisk i nyare tid.

Norsk Vise- og Lyrikkforum har skifta namn til Norsk Viseforum. På 2000-talet oppstod nettstaden viser.no og det norsk-svensk-danske tidsskriftet Viser (på svensk Visor).

Medlemmane i JeremiA/S Bakfot har i ulik grad vore aktive med song og musikk. Ola Dimmen vart ein av Nordens svært få utøvarar på latin-amerikansk harpe (som han bygde sjølv). Marit Garberg begynte sist på 1970-talet å spela el-gitar i jentebandet Cleopatras Hevn, og har seinare vore aktiv i ulike musikalske samanhengar. Idar Lind har konsentrert seg om skriving av romanar, teaterstykke, sakprosa og songtekstar, mellom anna for gruppa D.D.E. Asbjørn Solheim og Randi Vik var med på ei plate med folkemusikk frå Møre og Romsdal, i lag med Henning Sommerro og Anne Kleivset. Jan-Erik Pettersen var i mange år aktiv i Skedsmo Viseklubb. Han gjekk bort i 2005.

Sjekk også den relativt nostalgiske Facebook-sida JeremiA/S Bakfot.

 

Andre kjelder på nettet

viser.no
Nettstaden til Norsk Viseforum.

Østnorsk Viseforum

Norsk visearkiv
Norsk visearkiv har eksistert sia 1982 og vart 1.1.2014 lagt inn under Nasjonalbiblioteket.

Trolltamp
Eit prosjekt med utgangspunkt i arkivet etter Jack Berntsen.

Norsk Viseforum på Facebook
Nordnorsk Viseforum på Facebook
Vestnorsk Viseforum på Facebook
Østnorsk Viseforum på Facebook

                                                                                                                               

Ansvarlig for sida: idar@lind.no.