Idar Lind har skrive songtekstar gjennom meir enn førti år. Boka «Vinsjan på kaia» (Norsk Noteservice 2014) inneheld på den eine sida mange av desse songane, på den andre sida artiklar med utgangspunkt i samanhengane dei er skrivne for: Tilbakeblikk på det mangfaldige visemiljøet frå 1960-talet og framover, med klubbar, grupper og festivalar. Eit gløtt inn i den meir enn hundreårige revytradisjonen i Studentersamfundet i Trondhjem. Historier om husmannskontraktar for opphavsmenn innafor populærmusikken. Og trådane blir trekte frå det radikale musikkteatret rundt 1970 og fram til notidas speltradisjon. Kjøp boka: Nytt i juni 2015: Utgitte songar kronologisk (på plate og i bøker). Revyviser frå UKA 1977-89, komplett liste over Idar Linds tekstar. Songtekstar for teater og film. Frittståande songtekstar. Nøkken, opptak med JeremiA/S Bakfot (1978). Viseklubber - mer enn visesang, lenke til tre TV-program om visemiljøet (NRK 1978).
Nytt i januar 2015:Det er lagt lenke til versjonar som vart framførte i TV-serien Hver gang vi møtes: E6, Jonas Fjeld. Det umulige e mulig, Inger Lise Rypdal. Rompa mi, Lene Nystrøm. Vinsjan på kaia, OnklP.
|