Vinsjan på kaia Den nye visegruppa Vår egen lille verden Langt igjen te RAH Fattigfolks lærdommer Det umulige e mulig En mann må gjørra ...
                                                                                       Meny  


Kjøp boka:  

 
Spelelister

Kapittel: Det umulige e mulig

 

Alle D.D.E.-songar med tekst av Idar Lind:

 

Hver gang vi møtes 2015, Bjarnes Brøndbos dag:

 

DDR-versjonar:

 

Gluntan:

 

6. Det umulige e mulig
Om samfunnsengasjement, hitlister og fyr
28. mai 1987 landa eit småfly i Moskva og trilla dei siste metrane mot Den raude plassen ved Kreml. Fire dagar før nittenårsdagen sin hadde Mathias Rust greidd det umulige, han hadde tatt seg inn over sovjetisk territorium og heile vegen fram til hovudstaden i ei av dei mektigaste militærmaktene i verda.
    Fem månader seinare stod ei gruppe studentar som ikkje var stort eldre enn den tyske amatørflygaren, på scenen i Studentersamfundet i Trondhjem og framførte det melodiøse og – til finale å vera – uvanlig stillfarne siste nummeret i årets UKE-revy. I salen sat tekstforfattaren og undra seg over om ungdommane forstod kva dei song om. Enda sterkare har undringa vore i åra etter at ein ny og meir rytmisk versjon med D.D.E. vart allsong i breie lag av folket. Forstår den feststemte fansen kva dei syng om?
 
(Frå boka Vinsjan på kaia. Songar og tekstar.)
 
Songar i kapitlet «Det umulige e mulig»

Det umulige e mulig
Bakfot bånsull
Vals
Fuglar

 

Speleliste

Har du fyr
Har du løkte langs din vei
Har du fyr
Et signal om riktig lei
Ei lampe som gløde i mørke
og lose dæ ut og frem
Som tar dæ bort og hjemmefra
men også tar dæ hjem

Visa til Ola Bremnes vart gitt ut på albumet «Gudene vet» (2006). Gruppa Hekla Stålstrenga tok med songen på albumet «Makramé» (2011). Spelelista inneheld begge versjonane, i tillegg til andre songar som det blir referert til i kapitlet.

(Spotify må vera installert for å få tilgang via det svarte feltet. I menyen til høgre er det lenke til denne lista i Wimp, og til andre spelelister.)

 

«Hausten 2013 gjekk ein nittenåring frå Finnmark nesten til topps i ein artistkonkurranse på NRK. Noko av det som sjarmerte fjernsynspublikummet og skaffa henne stemmer, var ei tårevåt framføring av ein song som kunne ha vore ein del av den nordnorske visebølgja for nesten førti år sia. Ikkje heilt tilfeldig, for opphavsmannen Ola Bremnes var med på den bølgja.»

                                                                                                                               

Ansvarlig for sida: idar@lind.no.