Frå teaterstykket Håkon og Kark (Korsvikaspillet). Teksten har henta element frå Edda-dikta Vafþrúðnismál og Voluspá. Av kjøtet til Yme vart jorda skapt berg det vart av beina himmel av den rimkalde jotun-hausen av blodet bårut sjø Ask veit eg står heiter Yggdrasil høgt tre, vatna med kvitande våg Derfrå kjem dogg som i dalane fell Han står alltid grøn over Urdarbrønnen Derfrå kjem møyar mangt vitande tre møyar saman frå sal under asken Urd var den eine den andre Verdande Runestokk skar dei Skuld var den tredje Dei lov laga dei liv forma For manneætta dei lagnad vev
|