Den dagen JeremiA/S Bakfot skulle spela på debattmøte i Studentersamfundet i Trondhjem med tema «Finnes det intellektuelt grunnlag for ateisme?», gjekk det opp for oss at vi burde ha meir enn ein song som passa til temaet, så vi skreiv og øvde inn denne. Gud skapte kvinna til glede for mannen Kvinna er veik, mannen er sterk Kvinner i arbeid er synd imot herren Dagheim for barna er Satan sitt verk Alle som styrer skal aktas, sa Herren Om nokon slår, slå aldri igjen Truskap mot kongen og mot direktøren fører deg lukt inn i himmelen Slå aldri mot dei som held deg nede Da kan du fort skade di sjel Først når du døyr får du kvile og glede Så slit berre hardt – slit deg i hel
|