Frå teaterstykket Skottet i Buvika. Ein tekst lagt i munnen på kvinner gifte med streikande arbeidarar og på Sofie Havn frå Frøya, kokke for streikebrytarane i Buvika 1913-14. (Arbeidarkvinner:) Bleia med ban-skit. Boks-kne med grønsk på. Nas-blod-dråppå. Helsikes unga. No ska det vaskas i Hammersbekken. Og den e kald. Fin-skjort med brunsaus. Helsikes mannfolk. Oinnerboksa med flækk både fram og bak. Helsikes mannfolk. No ska det vaskas i Hammersbekken. Og den e kald. (Til Sofie:) Du e en svikar. Du e en forbrytar. Du e en klasseforrædar. Klasseforrædar. (Sofie:) Om Gud sende sølv inn i vågen sætt du ut nota før silda fersvinn. Sånn gjær du eit skekkelig storvarp. Du tæk den sjansen som by sæg. (Arbeidarkvinner:) Du e en svikar. (Sofie:) Står det eit vrak på ein holme tømme du last’n før skuta fersvinn. Du spør ijt om rætt eller gæli. Du tæk den sjansen som by sæg. (Arbeidarkvinner:) Du e en svikar. (Sofie:) Om Gud gi dæg sjansen te arbei tæk du mot krona og øra med takk. Du spør ijt om kæm som betale. Du tæk den sjansen som by sæg. Æg tæk den sjansen Gud by mæg.
|