Visa er i liten grad framført offentlig. Det var ei verd ein gong for lenge sia der fanst visst noko som dei kalla gras Som pappas uniform omlag på farga Slik sto det i ei gamal bok eg las Og graset voks frå kalde jord Det leika mjukt med naken fot det rare, grøne gras
Det var ei verd ein gong for lenge sia der var det noko som dei kalla skog Og høgare enn stridsvogner var trea Eg las det i ei gamal, morkna bok Med mose, lyng og raude bær Å, kunne eg få kome der i draumens friske skog
Det var ei verd ein gong for lenge sia Der fanst det noko rart dei kalla dyr Ja, fleire enn soldatar, det sa boka Eg trur no mest at det var eventyr Men kor eg ønsker få ein katt med pels som fløyel, svart som natt Mitt eige kjæledyr
Det var ei verd ein gong for lenge sia der fanst eit reint og utilskitna hav Så blankt og skimrande som bajonettar Det sto eit bilde på eit gulna blad Ei båre slo mot svarte stein og vaska kaldt kring varme bein Kor vart det av deg, hav?
Det var ei verd ein gong for lenge sia der enno ikkje menneske fanst til Og urørd, frisk og grøn låg verda Den gongen skulle eg ha vore til
|