Vinsjan på kaia Den nye visegruppa Vår egen lille verden Langt igjen te RAH Fattigfolks lærdommer Det umulige e mulig En mann må gjørra ...
                                                                                       Meny  


Kjøp boka:  

 

 
Spelelister

Alle D.D.E.-songar med tekst av Idar Lind:

 

Hver gang vi møtes 2015, Bjarnes Brøndbos dag:

 

DDR-versjonar:

 

Gluntan:

 

Fuglar
(tekst Idar Lind, melodi/arrangement Jan Magne Førde)

Tittelsongen på eit album med vokalgruppa Noble Noise frå Trondheim (1988).

 
Kråker. Kråker på taket.
Kråker i kulda.
Men vi har lært her i landet
at vi må aldri fyre for
kråkefuglar.

Fugl i vårt kalde land,
sei oss: Kva har du flykta frå?

Fuglar. Fuglar på taket.
Fuglar i kulda.
Kråkene kryp inn mot pipa.
men vi må aldri fyre for
fuglar. Kråker.

Mannen gjekk seg i vedaskog.
Der satt det ei kråke.
Mannen tok skogen med seg
og gjekk heim.

Vi tar veden
og når kråka kjem hit til oss
for å få varme seg
seier vi:
«Høyr, du kråke:
Flytt deg.
Dette er veden vår.»

Sjå.
Det kjem fuglar hit til landet.
Det kjem fuglar
som er jaga hit til oss.

Fugl frå ein framand skog.
Merka av brann og blod.
Fuglar.

Sjå.
Denne fuglen sat bak gitter.
Denne fuglen
såg ein annan døy i bur.

Fugl i vårt kalde land,
sei oss: Kva har du flykta frå?
Fugl i vårt kalde nord,
lengtar du til din eigen skog?

Kråker. Kråker på taket.
Frysande fuglar.
Men vi har lært her i landet
at vi aldri må fyre for
fuglar. Kråker.

 
 

Noble Noise:
Sopran: Torhild Grøttland,
Elin Karpinski Strandheim.
Alt: Berit Konstad Graftås,
Ragna Ingeborg Wien.
Tenor: Lars Nybakke, Åge Røe.
Bass: Håvard Forvemo, Brynjar Sonstad.
Musikalsk leiar: Nils Graftås.
Trommearrangering/programmering:
Carl Haakon Waadeland.
Opptak:
Brygga studio, Trondheim april 1988.
Lansering:
13.11.1988 i Rosendal kino.

                                                                                                                               

Ansvarlig for sida: idar@lind.no.