Teksten er eit tilnærma korrekt referat av ei sjølopplevd hending. Songen la grunnlaget for at visegruppa JeremiA/S Bakfot fekk eit fortjent rykte som heidningar, og vart urframført under eit debattmøte i Studentersamfundet i Trondhjem der temaet var «Finnes det intellektuelt grunnlag for ateisme?». To år seinare vart vi spurde om å lage eit halvtimes program same stad, denne gongen var temaet «Kirken som forsvarer av klassesamfunnet».
JeremiA/S Bakfot (opptak i Studentersamfundet i Trondhjem 10. mars 1979): Ola Dimmen, ukulele og kor. Marit Garberg, kor. Idar Lind, song. Jan-Erik Pettersen, gitar og kor. Asbjørn Solheim, bass og kor. Randi Vik, trekkspel.
Melodien vart publisert i Bakfot bok (eige forlag 1980).