Frå teaterstykket Ska du bygg en by (1995). Morgonstemning i Namsos 20. april 1940. I titida på føremiddagen fall dei første tyske bombene. Ein stabel to tom to og panelbord og boks ska lastas på ein båt te Hammerfest Nånn planka te ei egnarbu, eit sjøhus og ein dass som verne litt når nord’vind tek som verst Eller kanskje ska det sendas over Dovre med tog og bli verranda på Frogner eller Ris Å nei, den stabel’n her ska fraktas ut i Gullvikmo’n og bli brukt på eit ganske anna vis Nånn planka te eit hus Dæm forlova sæ i natt Her e vegga, her e vern Nånn planka te eit hus Her e reisverk for ei framti Her e vegga, her e vern for huset som ska byggas utti Mo’n Ein stabel to tom to og panelbord og boks e med når neste Nordsjøbåt’n går Nånn planka te ein bardisk og nånn småbord i ein pub eller hagamøbla for ein engelsk lord Eller kanskje trøngs forskaling der dæm bygge i Ny’ork Ein skyskrapar, eit børsparadis Å nei, den stabel’n her ska fraktas ut i Gullvikmo’n og bli brukt på eit ganske anna vis Nånn planka te ei seng Ei or’ntlig dobbelseng Her e vegga, her e vern Nånn planka te ei seng Her e reisverk for ei framti Her e vegga, her e vern for huset som ska byggas utti Mo’n Ein stabel to tom to og panelbord og boks te byggverk der dæm ruste opp te krig Nånn planka te ein fangeleir, brakka ut’n håp Ein siste stopp før alt e forbi Eller kanskje bli det seng for ein søtt’nårs soldat der ’n kan kvil sæ når han ijt driv æksis Å nei, den stabel’n her ska fraktas ut i Gullvikmo’n og bli brukt på eit ganske anna vis Nånn planka te ei vogg Dæm laga ban i natt Her e vegga, her e vern Nånn planka te ei vogg Her e reisverk for ei framti Her e vegga, her e vern for livet som ska byggas utti Mo’n
|