Visa vart brukt i revyen Laugalaga (UKA-77, Studentersamfundet i Trondhjem). Visegruppa JeremiA/S Bakfot laga ein musikalsk sketsj for radioprogrammet Nattergalen der handlinga var bygd omkring figuren Nøkken og denne visa (1978). På albumet Rai 2 gav D.D.E. ut ein trøndersk versjon, melodi Frode Viken (1994). Nøkken sit under fossen og gnikkar på fela si Tonen dirrar i lufta, ein vakker og var melodi Men inga jente vert fanga, det kjem ikkje jenter forbi Nøkken ser etter Huldra, men Huldra er ikkje å sjå Skogen står ikkje lenger og Huldra har flytta ifrå No har ho jobb inni byen, på nattklubben «Berget det blå» Nøkken ropar på Nissen, men får berre ekko til svar Alle dyra er slakta og fjøset står tomt der dei var No passar Nissen maskiner som broilerfabrikkproletar Nøkken ventar på Trollet, men trollberget har fått tunnel Prinsessa fekk haik med ein trailer og arbeid på høgfjellshotell No jobbar trollet som pendlar, med anleggsarbeide i fjell Nøkken går heim til fossen, men finn berre røyr der han var No sit han glømt og forkommi i skåla på eit pissoar og spelar med klagande tonar ein slått på elektrisk gitar
|