Frå teaterstykket og fjernsynsfilmen En mann må gjørra de’n må (Trøndelag Teater 1990, Det Norske Teatret 1992, NRK 1996). Gitt ut i bokform på Aschehoug (1992) og på CD (Scenebetennelsen 1992). Du lova meg aldri ei framtid Du ga meg aldri eit håp Du viste meg aldri vegen og sa at der skulle eg gå Trekkfuglen kjem om våren Leitar seg alltid heim Men eg kan aldri forstå korfor eg går til deg Så mange spørsmål Aldri eit svar Så mange spørsmål og aldri eit einaste svar Korfor kjem trekkfuglen hit når ’n kunne ha vori der ’n var? Så altfor mange spørsmål og aldri eit svar Eg flyg som ei kråke i kuling Eg syng som ei lerke i bur Andungen skulle bli svane men vakna som vengelaus spurv Du kunne vist meg vegen Du kunne gitt meg håp Men du var stum der du sto Aldri forsto eg deg Så mange spørsmål Aldri eit svar Så mange spørsmål og aldri eit einaste svar Korfor kjem trekkfuglen hit når ’n kunne ha vori der ’n var? Så altfor mange spørsmål og aldri eit svar Men når livet har spurt meg for ofte og framtida stiller for store krav Når siste fuglen har flykta mot sør og hausten er svart og kald Då legg du armane rundt meg Leppene mot mitt hår Kviskrar dei orda til meg som berre eg forstår Så mange spørsmål Aldri eit svar Så mange spørsmål og aldri eit einaste svar Korfor kjem trekkfuglen hit når ’n kunne ha vori der ’n var? Så altfor mange spørsmål og aldri eit svar
|