Visa er knapt framført. Vart smyg tonen frå slottsdøra ut over eit utarma land der småkårsfolk lever i armod og sut og kurfyrsten krev sin fastsette lut med frykta og nådelaus hand
Der tonane kjem frå, i storslottets sal har Askepott funne sin prins Og prinsen held kring ho der midja er smal og kjenner at no har han gjort sitt val: Den vakraste kvinna som fins
Dansen går lenge i kurfyrstens slott Prinsen vert sliten og støl Men jenta er vakker og dansar rett godt og dreg han utpå i kvar vals og gavott til mest han har glømt seg sjøl
Da, nett i den tettaste, heitast dans høyrest eit lagnadstungt slag Og Askepott spring, mest frå samling og sans og mistar i døra sin strålande glans i den nye og vaknande dag
I salen står prinsen no vonbroten att Ein svikta, forlatt kavaler Hans kjære forsvinn i den svarte natt Da set han i ein mest avsindig skratt og den andre forvandlinga skjer
Eit havrotna skur vert no prinsens palass parfymen ein stankande eim Gullet vert skrap på ein søppelplass og silkedivanen ein gamal madrass - Grovsmedens son går heim
|