Vinsjan på kaia Den nye visegruppa Vår egen lille verden Langt igjen te RAH Fattigfolks lærdommer Det umulige e mulig En mann må gjørra ...
                                                                                       Fjern menyen  

Om boka  
Vinsjan på kaia  
Den nye visegruppa  
Vår egen lille verden  
Langt igjen te Royal Albert Hall  
Sangen om fattigfolks lærdommer  
Det umulige e mulig  
En mann må gjørra de’n må  
Songar  
Om JeremiA/S Bakfot  
Om Idar Lind  


Kjøp boka:  

 
Spelelister

Kapittel: Den nye visegruppa

 

Alle D.D.E.-songar med tekst av Idar Lind:

 

Hver gang vi møtes 2015, Bjarnes Brøndbos dag:

 

DDR-versjonar:

 

Gluntan:

 

2. Den nye visegruppa
Om viser, klubbar, grupper og festivalar
Litt forenkla kan det seiast at visebølga starta på ein vegetarrestaurant midt i hovudstaden, dialektbølga skaut fart på grunn av ein gjeng Blindern-studentar frå Oppland, Nord-Trøndelag og Nordland, men det var i Nord-Norge denne kulturen utvikla seg til ein viktig faktor i dei gjennomgripande endringane av den norske distriktspolitikken.
    I 1973 sette Hålogaland Teater ord på det gjennom teaterstykket Det e her æ høre tel. Fire år seinare breidde sluttsongen frå Dikt og forbainna løgn seg over regionen. I september året etter var JeremiA/S Bakfot trulig dei første i Trondheim som song om at det skulle bli like fint å jobbe som å danse.
    I Dikt og forbainna løgn samarbeidde Hålogaland Teater med Nordnorsk Visegruppe. Same året gav gruppa ut ein LP der berre eit par av visene var av nyare dato, resten var folkemusikk og eldre songar. Som tilfellet hadde vore med På stengrunn-prosjektet fire år tidligare, la dei gjennomarbeidde arrangementa og den musikalske kvaliteten lista høgt for andre som var aktive i faget.
(Frå boka Vinsjan på kaia. Songar og tekstar.)
 
Songar i kapitlet «Den nye visegruppa»

Traktorvisa (Massey Ferguson)
Visa hans Simon
Berre ta te tåran
Møte i Ravnkloa
Bedehus blues
Åfjordsalme
Nånn trur
Songen om å trivas i Trondheim

Andre songar i boka som var på repertoaret til
visegruppa JeremiA/S Bakfot:

Bakfot bånsull
Vals

På fotoet spelar JeremiA/S Bakfot på Smørholmen ved
Vevang på Nordmøre under ein festival sommaren 1978.

 

Speleliste

Har du hørt den nye visegruppa som e’ gådd i gang
med trekkspell og gitar og fiolin og fleirstemt sang.
De e’ han Jens og ho Lovisa, Hjørdis, Ole, Gerd og Claus,
TV-slava som har klart å slit’ sæ laus.

Visa til Ragnar Olsen var med på det første albumet til Nordnorsk Visegruppe, Rav og Rekling (1977). Spelelista inneheld denne og andre songar som det blir referert til i kapitlet.

(Spotify må vera installert for å få tilgang via det svarte feltet. I menyen til høgre er det lenke til denne lista i Wimp, og til andre spelelister.)

 
Somme av songane som blir nemnte i kapitlet, ligg ikkje hos strøymetenestene.
 
Karlsøy i Troms vart gitt ut av PS-gruppa i 1971. Videoen er med opphavsmannen Lars-Erik Karlsen, filma av Dag Kajander for bevaringsprosjektet Gjenklang, Nordland fylkeskommune.
 
Sol bakom skyan vart gitt ut med Visegruppa Lovisa i 1976 (tekst Herbjørg Wassmo, melodi Jack Berntsen). Her i eit opptak frå festivalen Tråilltampen i 1977.
 
Detsika-visa vart skrive sommaren 1979 under ein viseverkstad og festival i Alta. Deltakarane står for framføringa på opptaket som også vart brukt i filmen La elva leve. Visa vart kampsongen i arbeidet mot utbygginga av Alta-Kautokeinovassdraget. (Tekst Ragnar Olsen, Brynjar Tollefsen og Idar Lind, melodi Atle Hansen.)
 

Frittståande songtekstar
og tekstar brukt av JeremiA/S Bakfot

Stakkars Askepott (t. Idar Lind 1973, m. Asbjørn Solheim 1975)
Traktorvisa (Massey Ferguson) (t. Idar Lind 1973, m. Ivar Simastuen) (JB)
Gammeldass’n (t. og m. Idar Lind 1973) (JB)
Det var ei verd (t. Idar Lind 1973, m. Asbjørn Solheim 1975)
Bakfot bånsull (t. og m. Idar Lind 1973) (JB)
Den stadig meir bakvende visa (t. Idar Lind ca. 1974, norsk folkemelodi)
Kjærleikssong (t. Idar Lind ca. 1974, m. Asbjørn Solheim ca. 1975)
Vårlokt (t. og m. Idar Lind ca. 1975)
Visa hans Simon (t. Idar Lind, m. Asbjørn Solheim 1975) (JB)
Berre ta te tåran (t. Idar Lind, m. Asbjørn Solheim 1975) (JB)
Den kortaste kjærligheitsvisa i verda (t. og m. Idar Lind ca. 1977)
Databallade (t. Idar Lind, m. Asbjørn Solheim 1977)
Møte i Ravnkloa (t. Idar Lind, m. Asbjørn Solheim 1977) (JB)
Bedehus blues (t. Idar Lind, m. Asbjørn Solheim 1977) (JB)
Heimbrent i ei spann (t. Idar Lind 1977, m. trad.) (JB)
Åfjordsalme (t. Idar Lind, m. Asbjørn Solheim 1978) (JB)
Nånn trur (t. Asbjørn Solheim/Idar Lind, m. Asbjørn Solheim 1979) (JB)
Songen om å trivas i Trondheim (t. Idar Lind, m. Asbjørn Solheim 1979) (JB)
(t. Idar Lind, m. Nissa Nyberget 1988) (JB)
                                                                                                                               

Ansvarlig for sida: idar@lind.no.