Startsida
 Om Idar Lind
 Bøker og dramatikk
 Songtekstar
 Andre tekstar
 Artiklar

 På Fjesboka  

 JeremiA/S Bakfot
 Korsvikaspillet
 Mord på dagsorden
 Norrøn mytologi

 Trøndersk forfattarlag
 Spelhandboka

 Gregus
    kunstnerverksteder


Kristningsbløffen

Av Idar Lind.
Kronikk i Adresseavisen 22.8.2007.
I debatten om årets utgåve av Spelet om Heilag Olav kan vi grovt sortere opponentane i to leirar, rettnok med uklåre grenser. Den eine leiren dyrkar mytane om dramatikarens intensjonar, den andre dyrkar mytane om kristninga av Norge som ein eintydig positiv prosess.

Ingen kjenner Olav Gullvågs tankar da han arbeidde med manuskriptet, heller ikkje storkjefta instruktørar frå dei siste tiåra. Å tru at intensjonen var å skrive "et kristent mysterie- og mirakelspill" (Otto Homlung i Adresseavisen), er det ikkje grunnlag for. Dei katolske mysteriespela bygger tradisjonelt på bibeltekstar, mirakelspela fortel om livet til ein helgen. Både i form og innhald bryt spelet på Stiklestad med dette. Dei moralske konfliktane plasserer det innafor den kristne humanistiske tradisjonen som fekk ein sterk posisjon her i landet i mellomkrigstida.

Instruktørane av spelet har forma teksten til eit relativt realistisk idédrama med ein kristen ståstad. Dei ytre grepa har vore tilnærma naturalistiske, med Tyra Tønnessens hundre utburdar som det største og mest teatrale avviket. Også som musikkdramatikk er det den realistiske tenkemåten som dominerer. Vi er verken i opera- eller musikaltradisjonen. Replikkane blir snakka, songinnslaga er del av handlinga i form av folkeviser, leik, skaldekvad og religiøse ritual. Det største avviket her er nok når Stein Winge i årets spel lét Gudrun bruke fleire minutt på å døy i klassisk operastil.

Sjøl mirakla er blitt halde på det naturalistiske planet. For å akseptere ei tørr kjelde som begynner å renne, handspålegging som hjelper ei kvinne ut av ein psykose, eller ein blind mann som får synet tilbake, held det å tru på Märtha Louise, på Harry Potter - eller på naturens tilfeldige samantreff. Det mest spektakulære miraklet er den nedtrampa åkeren som reiser seg. I årets utgåve reknar kongen med at Gud bør ha gjennomført dette prosjektet på ei veke. Ikkje fullt så mirakuløst, men dette er henta frå Snorres originaltekst.

Om dramatikarens intensjon kan knytast til det sentrale spørsmålet om utburden, er det mulig å meine at Gullvåg ville vise at den tidlige kristenretten førte humanismen til landet: Også eit vanskapt barn er eit individ med rett til liv. Stein Winge og Bibbi Moslet har endra dette til det mindre humanistiske, men meir historisk korrekte: Den store synda er at barnet ikkje er døypt, etter dåpen er det opp til presten å avlive det.

Det er ikkje sikkert at endringa skal oppfattast som eit brot med Gullvågs intensjon. Andre sider ved dramaet tyder på at dramatikaren også ville gi eit truverdig bilete av tilstanden i Trøndelag i 1030. I så fall er justeringane av manus i tråd med dette. Kravet om dåp er uansett eit steg på vegen mot moderne kristen tenking. Det vanskapte barnet har like stor rett til frelse som andre individ.

Den mytiske "Olavsarven" står sentralt for den andre gruppa av opponentar. Også frå dette haldet blir det argumentert med utgangspunkt i intensjonar dramatikaren skal ha hatt tidlig på 1950-talet, men interessa er større for "det irrasjonelle og uforståelige knyttet til det historiske slagstedet" (bispevikar Knut Andresen sitert i Adresseavisen).

Det er ikkje vanskelig å forstå at menneske med ei kristen tru og stor misjonsiver vil ha eit spel som legg vekta på helgenen Olav, heller enn kongen Olav. Verre er det å forstå at dette skal gjennomførast i form av eit teaterstykke med handling lagt til dagane før kongen blir martyr. Det var døden som gjorde Olav til helgen, ikkje livet, "Olavs død er en videreføring av Kristi død inn i vår tid" (stortingsrepresentant Ola T. Lånke sitert i Adresseavisen).

Spelet kan aldri bli "en historisk korrekt gjengivelse av det som skjedde i 1030", så langt er det lett å vera einig med domprost Andresen, men er løysinga å forfalske historia gjennom å servere ein bløff om at kristninga av landet var ein human, for ikkje å seie humanistisk prosess?

Hans Rotmo har karakterisert Olav Haraldsson som den største massemordaren i norsk historie. Påstanden er like umulig å dokumentere som at "kristendommen var for Olav Haraldsson noko meir enn berre ei brikke i eit strategisk maktspel" (teolog Hallgeir Elstad i Adresseavisen). Vi veit enda mindre om Olavs personlige tru enn om Gullvågs intensjonar, men det er ikkje tvil om at kristninga av det religiøst svært tolerante norske samfunnet vart gjennomført med metodar som ligg nærmare Taliban enn moderne humanisme.

Elstad har sjølsagt rett når han skriv at vi ikkje kan dømme Olav etter notidas verdisyn, "snarare må ein freiste å leve seg inn i fortida og dei tilhøva som gjaldt då. Først då kan det vera mogeleg å forstå det som var." Men kva med å dømme dagens fundamentalistar for at dei ikkje har lært av historia? Lånke avviser det han opplever som ei kopling til president Bush, som "et forsøk på å aktualisere [spelet] inn i vår tid som blir veldig fremmed for meg" (sitert i Dagen). Presten Lånke veit sjølsagt at det var Jesus som først sa at "den som ikkje er med meg, er imot meg" (Lukas 11.23), men mange trur at det er Bush sine ord som blir lagt i munnen på Olavs menn.

Det glansa biletet av kristingsprosessen blir forstyrra av forsøk på realistisk framstilling, derfor la Bush ned forbod mot å vise kister med døde soldatar. På Stiklestad blir den oppdaterte realismen omtalt som "å latterliggjøre både Hellig Olav, presteskapet og de hellige ritualer" (Trønder-Avisa).

Gullvågs intensjonar var trulig rotfesta i den kristne humanismen. Om han hadde fått høve til å bearbeide stykket meir enn femti år seinare, ville han nok ha gjort grep for å modernisere forma og aktualisere innhaldet. Dette er sjølsagt ein påstand eg ikkje kan dokumentere.

Eg har aldri heilt forstått kva denne "Olavsarven" er, men den har i seg ei idyllisering der anmeldaren i Sunnmørsposten, Ole Chr. Perjord (referert i Dagen), trulig er representativ når han "reagerer på den nye sluttscenen der Gudrun drepes. Publikum som vandrer hjem får ikke godfølelsen over en glad og nyfrelst Gudrun, i stedet sitter man igjen med det mørke og dystre".


Foto av Idar Lind: Tove Knutsen (klikk for større). Ansvarlig for sida: idar@lind.no.