![]()
|
![]() Idar Lind: Bøker, dramatikk, plater |
![]() ![]()
|
Hotell Tordenskjold (2) (1985, roman, Aschehoug) Kriminalroman med António Steen og Axel Breheim. I utlandet: - Hotell Tordenskiold (Hovedland forlag, Danmark 1986). - Otel' «Turdensold» (Terra, Russland 1995). - Føljetong i Adresseavisens lørdagsbilag Uke-Adressa 1986. - Billigutgåve: Aschehougs Favør-serie 1987, Maxibok 1991. - Storskriftbok: Hilt & Hansteen 1991. - Lydbok: Hilt & Hansteen 1991. Ideen til romanen kom frå krimnovella Hotell Tordenskjold (1). Hovudpersonane i Hotell Tordenskjold vart omhyggelig konstruert med det som mål at dei skulle fungere som gjennomgangsfigurar i ein serie kriminalromanar: Den mørkhuda trondhjemmeren António Steen og den alkoholiserte politimannen Axel Breheim. Den eine blir tatt for å vera innvandrar, den andre for å vera uteliggar. Dette plasserer begge i utkanten av det normale samfunnet - både i eigne og andres auga. Eg er meir enn villig til å akseptere den påstanden at António og Breheim stygt nærmar seg klisjeane. Dette er meininga. Hotell Tordenskjold er i det store og heile ein leik med kriminalsjangeren. Den som jaktar etter det, vil finne bevisst utplasserte spor etter mange kriminallitterære retningar. Det er også mulig å finne spor frå romanen Stengte dører. Det mest synlige er Breheims kollega frå Kriminalpolitisentralen, førstebetjent Inger Skov. Ikkje fullt så opplagt er ungjenta Bente, som António kolliderer med i andre kapittel. António Steen og Axel Breheim dukkar opp igjen i seinare bøker. Hotell Tordenskjold fekk første pris i Aschehougs krim- og spenningskonkurranse i 1985. Hotell Tordenskjold og delar av persongalleriet dukkar opp i fleire bøker gitt ut under namna Idar Lind, Telma B.S. Hansen og António Steen (klikk Hotell Tordenskjold for liste), og spelar også ei rolle i Alte kameraden av Fredrik Skagen (1990) og Dødelig madonna av Fredrik Skagen og Gunnar Staalesen (1993). I den siste overnattar Varg Veum på Hotell Tordenskjold. |
||
Foto av Idar Lind: Tove Knutsen. Ansvarlig for sida: idar@lind.no. |