INTRODUKSJON / NETTNOHEIME / NETTNOBORTE / ARTIKLAR / BOKSMAK / SYNSINGAR / SKULE / OM MAGASINETT
MAGASINETT | Til Idar Linds heimeside |
Idar Lind: I 1996 vart det gitt ut ei plate som for alltid skulle øydelegge mitt gode rykte som forfattar av songtekstar. Eg tenker sjølsagt på gruppa D.D.E., plata "Det går likar no" og songen "Rompa mi". I to år har eg opplevd at songen mitt er blitt rakka ned på i avisene (for eksempel Dagbladet) og at han er blitt parodiert i beste sendetid på NRK1 ("Lompa mi" med Øystein Bache og Rune Gokstad), på revyscenar over heile landet (for eksempel Det Norske Teatret) og på plate ("Mein Arsch" med den tyskspråklige norske gruppa D.D.R.). (Eg kan vel ikkje påstå at eg er lei meg for dette. Som gammel revyforfattar er eg stolt over å bli parodiert. Men kanskje hadde Terje Eidsvåg i Adresseavisen rett da han skreiv at "Rompa mi" i seg sjøl er "en D.D.E.-parodi som neppe kan toppes".) På denne bakgrunnen er det kanskje ikkje så merkelig at songen etter to år låg som nummer to på lista over verste D.D.E-låt her på internettet. Meir merkelig er det at "Rompa mi" også vart stemt fram til fjerdeplass på lista over beste D.D.E.-låt. Eg vil gå djupare inn i dette. Det første året hadde eg oversyn over detaljane i avstemminga, for eksempel kjønnet til dei som stemte. Av 241 som stemte var 67% menn / gutar og 33% kvinner / jenter. Ikkje særlig påfallande, ettersom internettet er dominert av hankjønn. Tar vi for oss den gruppa som stemte på beste låt, vil vi finne at 78% av jentene har stemt på "Rompa mi", mot 66% av gutane. Ser vi på kjønnsfordelinga mellom dei som stemte på verste låt, er tendensen enno klårare. 69% av gutane har stemt på "Rompa mi", mot 27% av jentene. Det er altså ei overvekt av jenter som har stemt denne songen fram til fjerdeplass på best-lista og ei overvekt av gutar som har stemt han fram til andreplass på verst-lista. Det var også mannlige anmeldarar som slakta songen i avisene... Eg spør meg sjøl: Kan dette ha ein samanheng med kva teksten faktisk handlar om? Eg hugsar godt den kvelden da ideen kom, tre-fire år før eg skreiv songen. Eg satt på restaurant i Oslo i lag med eit par kvinnelige forfattarar. Brått oppdaga eg at desse to satt og kommenterte bakendane til mennene som gjekk forbi. Dette var noko heilt nytt for meg, ein truskyldig gut frå provinsen. Seinare oppdaga eg at det ikkje var geografien som gjorde fenomenet ukjent for meg, det var kjønnet. Eg spurde meg for. Fleire kvinner (også i provinsen) måtte innrømme at det nok hender at dei gløttar som snarast på denne kroppsdelen hos mannfolk. Samtidig viste det seg at svært få menn kjente til at det er sånn. Så kanskje er konklusjonen: Mange kvinner/jenter liker songen "Rompa mi" fordi dei faktisk har oppfatta kva teksten handlar om. Mange menn / gutar (inkludert mannlige musikkjournalistar) misliker songen fordi dei ikkje har oppfatta kva han handlar om - eller fordi dei misliker at livet er sånn som teksten framstiller det. | Soga om Tormod Kark | Meir om Kark | Sju tre | Tuvalu
|
INTRODUKSJON / NETTNOHEIME / NETTNOBORTE / ARTIKLAR / BOKSMAK / SYNSINGAR / SKULE / OM MAGASINETT