INTRODUKSJON / NETTNOHEIME / NETTNOBORTE / ARTIKLAR / BOKSMAK / SYNSINGAR / SKULE / OM MAGASINETT
MAGASINETT | Til Idar Linds heimeside |
Idar Lind: Tuvalu Vest for Ny Guinea og nord for New Zealand (8 grader sør, 178 aust) ligg den vesle øygruppa Tuvalu. Her bur det rundt rekna 10.300 menneske, i hovudsak polynesarar. Med eit høgste punkt på fem meter over havflata, er landet i stor fare viss dei verste spådommane om drivhuseffekten viser seg å slå til. Fiske er den einaste naturlige næringsvegen i denne tidligare britiske kolonien. Ut over dette kjem inntektene stort sett frå ein liten handelsflåte og frå dei tusen som arbeider i fosfatgrvene på Nauru og som sender pengar heim herifrå. Til no. I åra framover kan staten Tuvalu få inntekter på opptil 100 millionar dollar i året, noko som svarer til rundt 150.000 kroner pr innbyggar over 15 år. Grunnlaget for denne brå rikdommen kom den dagen alle statar på jorda fekk tildelt to bokstavar kvar til lokale internettadresser. Norge fekk bokstavane NO, Tuvalu fekk TV. Det er ingen grunn til å tru at særlig mange av dei 10.300 på Tuvalu har kopla seg opp mot verdas vide vev, men vi kan godt tru at ein stor del av fjernsynskanalane på jorda kunne tenke seg ei internettadresse som www.nrk.tv - og at dei er villige til å betale for det. Det var i alle fall dette statsminister Bikenibeu Paeinu og det kanadiske firmaet Information.ca Corp rekna med da dei skreiv under avtala som ga kanadiarane retten til å forvalte adressa .tv i åra framover. Kanskje kan dei nye millioninntektene gjera at innbyggarane får råd til å finne løysinga som kan berge Tuvalu frå drivhuseffekten - om havet tar til å stige? Om eg var statsminister Bikenibeu Paeinu ville eg nok ikkje lite 100% på at den økonomiske framtida til innbyggarane i Tuvalu er berga. Det kan fort vise seg å vera risikabelt å basere ein statsøkonomi på eit punktum og to bokstavar. På den andre sida har små, trykte papirlappar (frimerke) i mange tiår vore ei sikker inntektskjelde for mange småstatar av dette slaget. Radiostasjonar vil kanskje ønske seg adressar som www.p3.fm (Micronesia). For norske firma kan det vera aktuelt å registrere seg i Amerikansk Samoa (AS), mens PR og TM (Trade Mark) er Puerto Rico og Turkmenistan. Den nye norske storbanken kunne få adresse www.banken.kr (Sør-Korea), men vil geografisk bli plassert i www.trondheim.by (Kviterussland). GT (Guatemala) er aktuelt for bilprodusentar (www.volvo.gt), mens www.hellsangels.mc held til i Monaco. Datafirma som spesialiserer seg på kunstig intelligens (AI) høyrer naturlig heime i Anguilla, partiet SV i El Salvador, medlemmar av MENSA (klubben for dei superintelligente) i Irak (IQ) og sadomasochistane i San Marino (SM). Hans Majestet kong Harald bør sjølsagt få domenet www.harald.hm (Heard and Mc Donald Islands). | Soga om Tormod Kark | Meir om Kark | Rompa mi | Sju tre
|
INTRODUKSJON / NETTNOHEIME / NETTNOBORTE / ARTIKLAR / BOKSMAK / SYNSINGAR / SKULE / OM MAGASINETT