INTRODUKSJON / NETTNOHEIME / NETTNOBORTE / ARTIKLAR / BOKSMAK / SYNSINGAR / SKULE / OM MAGASINETT

  MAGASINETT Til Idar Linds heimeside  

Idar Lind:

Sju tre

Eg må berre innrømme det: Det hender at familiens kokk (meg) ikkje orkar stå over grytene for å laga middag. Da blir det gjerne ringt etter ein amerikansk pizza, eller vi hentar heim kylling med cashew-nøtter (ekstra sterk) frå den nærmaste kinarestauranten.

Nylig var det halsvondt som ramma heile familien, så kona mi ringte Peppes Pizza. Som trufaste kundar ligg vi i dataanlegget, det er berre å oppgi telefonnummeret. «Sju tre fem ein ein fem seks fire,» sa kona mi. (Det gjeld å snakke tydelig i telefonen, derfor sa ho eitt tal om gongen.) «Dessverre,» sa det unge mennesket hos Peppes etter ei stund. «Du er ikkje i dataanlegget.» Kona mi prøvde igjen: «Sju tre fem...» Samme resultatet: Ingen ting kom opp på skjermen.

Å bli sletta frå databasen til Peppes Pizza er ikkje den største katastrofen som kan hende. Du mistar berre den opptjente bonusen. (Kvar tiande pizza er gratis.) Men det unge mennesket i telefonen ville prøve ein gong til:

Peppes: «Vi kan prøve postnummeret.»

Kona mi: «Sytti fjorten,»

Peppes: «Hæ? Bur du i Trondheim? Eg trudde du sa at telefonnummeret begynte med sju tre?»

Kona mi: «Ja, sju tre.»

Peppes: «Men sju tre er ikkje retningsnummeret til Trondheim.»

Kona mi: «Sjølsagt er det i Trondheim.»

Peppes: «Men retningsnummeret hit er syttito eller syttitre.»

Kona mi: «Akkurat, syttitre. Sju tre.»

I denne nedskrive (og sterkt forkorta) utgåva av samtalen mistar lesaren eit viktig poeng: Mennesket hos Peppes sa ikkje «sju tre» men «sjuetre» med ein nesten uhøyrlig e, nærmare «sjutre» - og trudde altså at kona mi hadde sagt «tjuetre».

Eg har lenge visst at den nye uttalen av kj- og tj-lyden før eller seinare kom til å føre til kommunikasjonsproblem.

At unge jenter går på sjino i sjole er vel ikkje til å misforstå, men kva om sidemannen på bakerste benk prøver å stryke henne på sjinnet? Synes ho han er sjekk? Eller brukar ho sjeft? Eller dreg ho fram kniven og seier «sjære deg»?

Og kva med den unge kelneren som gir deg valet mellom sjylling eller sjøttkake? Eller båtbyggaren som smører trebåten med sjære? Eller frisøren som sjemmer håret ditt? Eller glasmeisteren som festar vindusruta med sjitt?

Heldigvis foregår samtalane mellom fly og flyplassar på engelsk, ikkje norsk: «Braahten, du kan lande på rullebane tjuetre.» «SAS, du kan lande på rullebane sju tre.»

| Soga om Tormod Kark | Meir om Kark | Rompa mi | Tuvalu


MAGASINETT: Til Idar Linds heimeside.

 INTRODUKSJON / NETTNOHEIME / NETTNOBORTE / ARTIKLAR / BOKSMAK / SYNSINGAR / SKULE / OM MAGASINETT