lind.no
Kark
Utdrag
Kjelder og noter
Personar
Slektskap
Historie
Kart
Lenker
Alle sider
Korsvikaspillet
Kark   ( personar: Liva )
Roman av Idar Lind - Det Norske Samlaget 2000
 
Tormod Kark (ca 937-995)
var træl på Lade og fødd i samme natta som jarlesonen Håkon. Etter trua den gongen knytta dette uløyselige band mellom desse to. Da Håkon fekk den første tanna si, fekk han Kark som tanngåve.

Hos Snorre dukkar ikkje Kark opp før mot slutten av livet til Håkon Ladejarl. Her drep han herren sin, mens Olav Tryggvason tar livet av Kark.

I Jomsvikingesoga blir det fortalt om trælen «Skofte Kark» som var i lag med Håkon i Hjørungavåg, og som var den som førte kniven da jarlen ofra sonen sin for å vinne slaget.

Om emnet «Kark» har eg skrive to artiklar for Magasinett:

Soga om Tormod Kark
Olav Tryggvason, Håkon jarl og Tormod Kark

 

Copyright © Idar Lind (idar@lind.no)