Litt historie
Ei åtvaring: Dateringa av dei ulike hendingane bygger på P.A. Muncks utrekningar midt på 1800-talet. Nyare forsking opererer tildels med andre årstal. Det er grunn til å ta alle kjelder frå denne tida med ei klype salt.
ca 895
Sigurd Håkonsson Ladejarl fødd.
ca 921
Harald Hårfagres son Håkon fødd. Han blir sendt til England for å bli oppfostra hos kong Adalstein. Det blir sagt at Sigurd jarl var til stades ved fødselen.
ca 933
Harald Hårfagre døyr. Eirik Blodøks blir konge, etter systematisk å ha kvitta seg med mulige rivalar.
ca 935
Håkon Adalsteinsfostre tar kongemakta med Sigurd jarls hjelp. Han blir kjent som Håkon den gode.
ca 937
Sigurd jarls son Håkon fødd, i samme natta som trælen Kark.
ca 950
Eirik Blodøks døyr i England. Håkon den gode gjer eit mislykka forsøk på å innføre kristendommen i Norge.
ca 961
Håkon den gode drepe av sønene til Eirik Blodøks. Harald Gråfell blir konge.
ca 962
Sigurd jarl brent inne av Eirikssønene. Håkon blir jarl, men må rømme landet.
ca 963
Olav Tryggvason fødd, etter at faren er drepe av Eirikssønnene. Gjennom størstedelen av oppveksten har han tilhald i Gardariket (Russland).
ca 965
Harald Gråfell fell i Danmark. Håkon jarl får store delar av Norge i len under danskekongen.
ca 976
Danskekongen er svekka etter strid med den saksiske keisaren. Håkon jarl lausriv Norge frå dansk overherredømme.
ca 986
Danskane prøver å legge Norge under seg, men Håkon jarl sigrar over Jomsvikingane i Hjørungavåg. Det blir sagt at han ofrar ein son til gudinna Torgerd Hølgabrur og slik får hennes hjelp til å vinne slaget.
ca 988
Olav Tryggvason døypt i England.
ca 995
Olav Tryggvason reiser til Norge frå Dublin. Håkon jarl kjem på kant med dei trønderske bøndene. Han blir drepe av trælen Kark.
ca 1000
Olav Tryggvason drepe i slaget ved Svolder.
|