lind.no
Kark
Utdrag
Kjelder og noter
Frostatingslova
Personar
Historie
Kart
Lenker
Alle sider
Korsvikaspillet
Kark   ( Frostatingslova: Ættleiing )
Roman av Idar Lind - Det Norske Samlaget 2000
 
(s 65-66)
Ættleiing var ei rettshandling der barn fødd utanom legalt ekteskap vart tatt opp i ei ætt det biologisk høyrde til. Slik fekk dei rett til arv og odel i denne ætta. Dette var også gyldig for barn fødde av trælkvinner.

IX 1 Om ættleiing
Det er fullgod ættleiing om ein far lyser son sin i ætta, og dei menn samtykkjer som er næraste arving til mannen som lyser son sin i ætt. Det skal gjerast øl av tre såld og slaktast ein trevintrars okse, og skinnet på høgre bakfot skal flåast av ovanom høkelen og gjerast ein sko av. Denne skal faren lata den som skal ættleiast, stiga i og då ha dei umyndige sønenen sine på fanget. Men dei av sønenen som er fullvaksne, skal stiga i skoen. Om han ikkje har søner med arverett, då skal dei menn som er næraste arvingane hans , stiga i skoen. Og den som skal ættleiast, skal førast i fang på husbond og husfrue. Kvinner skal jamgodt med menn bera vitne for ein mann om fullgod ættleiing, og samleis skoen som mannen stig i, om han er teken vare på. Ein trælboren son kan leiast i ætt når han er gjeven fri. Og det gjer anten far eller bror eller den mann som er næraste arving, anten han er ung eller gammal, og om dei menn då samtykkjer som er næraste arvingar åt den som vil leia ein mann i ætt. Son av ei fri kvinne skal ættleiast likeins som son av ei trælkvinne. Alle ættborne bauggildesmenn kan leia ein mann i ætt samleis som far eller bror, om desse ikkje er til.

Kjelde:
Frostatingslova
Omsett av Jan Ragnar Hagland og Jørn Sandnes
Det Norske Samlaget, Oslo 1994

Bauggildesmann: Ein slektning på farssida i mannleg line, ein som hadde krav på bauggilde: Eigentleg utreisle av ein baug, særleg nytta om dei såkalla baugar som utgjorde hovuddelen av dei eigentlige mannebøtene. Av dette kom bauggilde til å stå for ein krins av slektningar på farssida og i mannleg line som tok del i utreisla av mannebøter. Omgrepet bauggilde kunne òg utvidast til å gjelda alle dei som i det heile hadde slektskapstilhøve til ein person på farssida og i mannleg line. Denne tydinga av ordet er det som står fram i reglane om frendebøter i Frostatingslova.

 

Copyright © Idar Lind (idar@lind.no)