lind.no
Kark
Utdrag
Kjelder og noter
Frostatingslova
Personar
Historie
Kart
Lenker
Alle sider
Korsvikaspillet
Kark   ( Frostatingslova: Frelsesøl )
Roman av Idar Lind - Det Norske Samlaget 2000
 
(s 58-59, 129, 132, 203)
Frelsesøl var den rettsgyldige seremonien der ein træl kunne kjøpe seg fri. Dette er eitt av mange kapittel i lova som dokumenterer at trælen ikkje var rettslaus, sjøl om han var ufri.

IX 12 Om frelsesøl
Om ein træl kjem seg til jord eller gard, då skal han gjera frelsesøl for seg, kvar mann øl av ni mæler malt, og gjera fyrste snittet i ein vêr. Ein friboren mann skal skjera hovudet av, og husherren hans skal taka halsløysinga av halsen på han. No vil husherren hans gjeva honom løyve til å halde frelsesøl, då skal han med to vitne be husherren om å få gjera frelsesølet sitt og byda honom med fem mann til drykkjelaget han vil halda som frelsesøl for seg. [. . .] Han skal i alle høve halda det og lata høgsetet åt husherren og kona hans vera i fred. Men om husherren hans røkjer etter om han har gjort frelsesølet sitt, då skal han føra fram vitna sine, dei som var til stades og drakk det ølet, og lata dei bera vitne om det på tinget. No ber dei fram vitne på at det var fullt etter lova, då skal det så vera. Frå då av skal det kunngjerast kvar tiande vinter, og han skal dra nytte av dei vitna når han tarv å taka til dei. Det er fullgyldig jamvel om det ikkje vert kunngjort kvar tiande vinter, når dei som høyrde det på tinget, kan bera vitne på det.

Kjelde:
Frostatingslova
Omsett av Jan Ragnar Hagland og Jørn Sandnes
Det Norske Samlaget, Oslo 1994

Halsløysing: Dette synest å vera den summen som trælen gir for å verta fri. Truleg har denne vore lagt i ein pung e.l. Det er ikkje klårt om formuleringa «av halsen på han» viser til vêren eller trælen.

[. . .] Noko ser ut til å mangle i teksten.

 

Copyright © Idar Lind (idar@lind.no)