lind.no
Kark
Utdrag
Kjelder og noter
Personar
Slektskap
Historie
Kart
Lenker
Alle sider
Korsvikaspillet
Kark   ( personar: Håkon den gode )
Roman av Idar Lind - Det Norske Samlaget 2000
 
Håkon den gode (Adalsteinsfostre) (ca 921-961)
var den yngste av sønene til Harald Hårfagre. Han vart oppfostra hos kong Adalstein (Æthelstan) i England og kom ca 935 heim for å ta kongemakta frå Eirik Blodøks. Dette ville han trulig ikkje ha klart utan hjelp frå Sigurd Ladejarl.

Mor til Håkon den gode var Tora Mosterstong. Kjeldene fortel at ho var om bord på Sigurd sitt skip da ho skulle føde. Skipet la til ved den staden som seinare fekk namnet Håkonshella. Her skal Håkon også ha døydd.

I romanen er det Sigurd som med eigne hender tar imot den nyfødde. Om dette er fri tolking av kjeldene, så var det like fullt sterke band mellom jarlen og Håkon. Som ung konge fekk han også æra av å døype den nyfødde sonen til Sigurd og gi han sitt eige namn - Håkon.

Slektskap.

 

Copyright © Idar Lind (idar@lind.no)