lind.no Kark Utdrag Kjelder og noter Personar Slektskap Historie Kart Lenker Alle sider Korsvikaspillet |
Kark ( personar: Sigurd Ladejarl )
|
|
Sigurd Håkonsson Ladejarl (ca 895-962) var Harald Hårfagres mann i Trøndelag. Etter at konge Harald døydde, tok sonen Eirik Blodøks til å rydde unna dei mange brørne sine. Ein av desse var søstersonen til Sigurd jarl, Halvdan svarte. Dette var ein av fleire grunnar til at Sigurd jarl stilte seg bak Håkon Adalsteinsfostre da han kom heim for å ta kongsmakta. Ein annan grunn var at han var gudfaren til det unge kongsemnet. Strida mellom Sigurd jarl og Eirikssønene endte med at desse brente jarlen inne under eit gjestebod på Oglo (Skatval). No tok sonen Håkon opp arven og hemna til sist faren.
|
||
Copyright © Idar Lind (idar@lind.no) |