lind.no
Kark
Utdrag
Kjelder og noter
Personar
Historie
Kart
Lenker
Alle sider
Korsvikaspillet
Kark   ( første kapittel   2 )
Roman av Idar Lind - Det Norske Samlaget 2000
 
     Eg held på å døy, men eg må leva. Eg må leva fordi Herren Gud har gitt meg ei oppgåve. Eg, broder Aun av Cenannus, skal skrive det som hender. Mi oppgåve er å sjå og hugse og sette ned på pergament historia om korleis Olav Rex, son til Tryggve, viste nordmennene at Herren Jesus Kristus er sterkare enn dei heidenske maktene.
     Det einaste eg hugsar, er Kvelp Sigurdsson. Han og eg gjekk til hòvet. Det var morgonen etter at vi kom hit til Lade. Det var to veker etter at eg såg Kvelp for første gong, to veker etter at eg såg guten om bord i skipet til faren da vi la til i Åsmundarvågen. Jarlen hadde tenkt seg over til Katanes, men fjorden mellom Orknøyane og Skottland var ikkje farande i denne kvasse sørvesten. Sjøl her inne, godt skjerma av landet, låg fartyet og hogde i fortøyinga.
««   »»
Copyright © Idar Lind (idar@lind.no)