lind.no Kark Utdrag Kjelder og noter Personar Historie Kart Lenker Alle sider Korsvikaspillet |
Kark ( første kapittel 3 )
|
|
Med blikket følgde Kvelp bårene som blåsten jaga ut vågen. Det han såg, var døtrene til havguden Ægir, dei voks frå spedbarn til ungdom framfor auga hans og var godt vaksne før dei nådde åpninga mellom oddane. Kvite skumtoppar mista tålmodet, reiv seg laus og skynda seg i førevegen austover. To ramnar prøvde å bakse seg fram den motsette leia, men vinden ville noko anna. Til sist bøygde dei av og lét seg drive med, ut av syne, mot Ragnvaldsøya og enda lenger, over havet, og ein dag skulle dei vende heim lik Odins ramnar, som sendebod frå landet langt borte, og inn i Kvelps øyra skulle dei kviskre historier om eit landskap heilt ulikt dei nakne øyene han hadde vakse opp på. Ramnane skulle fortelje historier om fjell som løfta seg nærmare himmelkvelven enn sjølvaste Yggdrasil, om skogar med allslags høge tre og med ville dyr som ein ung gut kunne jakte på, om vide åkrar der kornet gulna mannshøgt kvar einaste haust, og om den rettvise, høge høvdingen med silkeband sveipt om panna, han som bygde opp igjen hòva til ære for æsene, og som derfor var blitt lønt av gudane med god avling og rikt fiske gjennom alle dei åra han hadde hatt styringa med landet. |
||
Copyright © Idar Lind (idar@lind.no) |