lind.no Kark Utdrag Kjelder og noter Personar Historie Kart Lenker Alle sider Korsvikaspillet |
Kark ( første kapittel 11 )
|
|
Slike heidenske historier fortalde Kvelp meg mens vi kryssa havet, og mange handla om blotmannen Håkon Ladejarl. Slike heidenske historier gjorde at eg ikkje mista vettet mens havgudane herja, og eg veit at dette er synd mot Herren Gud. Men utan pusten og røysta til Kvelp mot øyret, ville eg ikkje ha nådd så langt som hit, til dette tronge rommet med denne smaken som eg kjenner frå ei anna tid, denne brennande smaken av raude bær som handa mi ein gong førte mot munnen. Da var eg ein annan. Eg var ikkje broder Aun av Cenannus. Eg var berre Aun. Eg var eit lite barn som plukka bær. No kjem smaken frå drikken i treskåla. Tida er ei anna. Eg er ein annan. Smaken er den samme. |
||
Copyright © Idar Lind (idar@lind.no) |