lind.no Kark Utdrag Kjelder og noter Personar Historie Kart Lenker Alle sider Korsvikaspillet |
Kark ( første kapittel 11 )
|
|
Han fortalde og eg såg. Eg ser. Eg ser vesle Kvelp som går hand i hand med farmor, ho som kallar guten Coileán - ein hundekvelp på det målet ho voks opp med, heime i Éire. Ho fortel mykje, men teier om at ho sjøl ein gong sydde eit banner for sonen sin, eit banner med ein svart ramn på, ein ramn som flaug av eiga kraft når vinden tok tak i kledet. Ho seier heller ingenting om forbanninga som følgde med, og kanskje er det ikkje sant som folk seier: At den irske kongedottera er trollkyndig. Likevel veit alle at jarlen aldri kunne tape eit slag så lenge han gjekk fram under dette merket, men at mannen som bar det, måtte døy. Slik vart Sigurd Lodvesson herskar ikkje berre over det landet han arva etter brørne sine, men også over Suderøyane og store delar av Skottland - men minst tre merkesmenn mista livet i dei slaga han førte. |
||
Copyright © Idar Lind (idar@lind.no) |