Utdrag frå romanen (s 44):
Før har ho berre snakka med seg sjøl. No seier ho namnet mitt. Det er første gongen ho snakkar til meg. Eller var det ramnenebbet som åpna seg og knirka fram det vesle ordet? Eg såg ikkje at leppene hennes rørte seg.
Ramnen var levande første gongen ho kom, etter at Herren Gud straffa meg med denne feberen, med redsler og tærande sjukdom, og no sakte dreg livskrafta ut av meg. Den var levande da eg vakna ei kort stund mellom skinnfellane og såg beint inn i desse blå auga. Den svarte fuglen la hovudet på skakke, løfta vengane og sa noko til meg, eg hugsar ikkje kva.
3. Mosebok 26.14-16
14 Men dersom I ikke lyder mig og ikke holder alle disse bud,
15 dersom I forakter mine forskrifter, og dersom I forkaster mine lover, så I ikke holder alle
mine bud, men bryter min pakt,
16 da vil også jeg gjøre således mot eder: Jeg vil hjemsøke eder med redsler, med tærende
sott og brennende feber, så eders øine slukner og sjelen vansmekter; til ingen nytte skal I så eders
sæd, eders fiender skal ete den op.
|
|