lind.no
Kark
Utdrag
Kjelder og noter
Noter etter side
Noter etter emne
Frostatingslova
Kvad
Bibelen
Helgenar
Personar
Historie
Kart
Lenker
Alle sider
Korsvikaspillet
Kark   ( noter )
Roman av Idar Lind - Det Norske Samlaget 2000
 
Utdrag frå romanen (s 139):

     Eg står med ein bit pergament i handa.
     Verba Ecclesiastes filii David regis Hierusalem.
     Eg står med ein bit av Den heilage skrifta i handa.
     Vanitas vanitatum dixit Ecclesiastes vanitas vanitatum omnia vanitas.
     Den første V-en på sida er forma som ein hemnande engel med eit flammande sverd i handa. Teikninga er ikkje utført av ein meister, og han har berre brukt svart og raudt. Denne avskrifta er ikkje gjort i Éire, bokstavane er meir lik dei eg har sett i saksiske skrifter, og likevel: Dette er ein bit av noko eg kjenner. Brått ser eg luktene frå scriptoriet i klosteret heime i Cenannus, eg kjenner eimen av den alltid sveitte broder Fintan som står bøygd over skrivepulten nærmast min, eg høyrer broder Benen finknuse oske til blekk, eg ser fingeren til broder Ciarán som peiker: Legg farga tynnare her, lettare, det er glorien til ein heilag apostel du teiknar, ikkje hatten til ein simpel bonde.

Forkynnaren 1.1-2

1 Ord av predikeren, sønn av David, konge i Jerusalem.
2 Bare tomhet, sier predikeren, bare idelig tomhet! Alt er tomhet.
3 Hvad vinning har mennesket av alt sitt strev, som han møier sig med under solen?

Vulgata (latin):

1:verba Ecclesiastes filii David regis Hierusalem
2:vanitas vanitatum dixit Ecclesiastes vanitas vanitatum omnia vanitas
3:quid habet amplius homo de universo labore suo quod laborat sub sole

 

Copyright © Idar Lind (idar@lind.no) - Bibelsitat: Menighetesfakultetet