lind.no
Kark
Utdrag
Kjelder og noter
Personar
Historie
Kart
Lenker
Alle sider
Korsvikaspillet
Kark   ( første kapittel   4 )
Roman av Idar Lind - Det Norske Samlaget 2000
 
     Kvelp Sigurdsson hadde alltid drømt om å møte Håkon Ladejarl, men mest om å få sjå hòvet hans. Ei natt som liten låg han og beit seg sjøl i tunga for ikkje å sovne da ein langvegsfarande gjest frå Færøyane vart sittande lenge utover natta og fortelje om reisene sine, ikkje minst fortalde han om den gongen jarlen tok gjesten med seg til gudshuset på Lade. Etter den natta ser Kvelp hòvet tydelig for seg: Eit veldig bygg, så stort at femti mann ikkje når rundt det når dei held kvarandre i hendene, og med rike utskjeringar pynta med så mykje sølv og gull at det skin av det - sjøl når det berre er bleikt stjernelys ute. Gjennom døra kan fem mann gå jamsides, og der inne står Torgerd Hølgabrur fremst av alle, lenger fram enn Odin og Frøy og Njord, for ho er den som har verna slekta til jarlen i all tid, lenge før dei flytta sørover frå Hålogaland og slo seg til her. I hòvet har Håkon gitt henne den beste plassen, i lag med søstera Irpa, og i handa har Torgerd ein gullring som ho held så hardt at ho berre slepper den om offeret ditt er godt nok, og om ho er villig til å gi deg svar på det du spør om, eller gi deg hell i det du har tenkt å gjera. Så stor er makta til Torgerd Hølgabrur at gjesten sjøl fekk hjelp av henne slik at han vann tilbake alt land og all rikdom som var blitt røva frå han, og i alle år seinare har han sett til at Håkon Ladejarl får den skatten frå Færøyane som han har krav på.
««   »»
Copyright © Idar Lind (idar@lind.no)