lind.no
Kark
Utdrag
Kjelder og noter
Personar
Historie
Kart
Lenker
Alle sider
Korsvikaspillet
Kark   ( første kapittel   5 )
Roman av Idar Lind - Det Norske Samlaget 2000
 
     Kvelp Sigurdsson hadde alltid drømt om å få sjå hòvet på Lade, og om å få møte mannen som reiste det. Denne dagen i Åsmundarvågen, sør på Orknøyane, trudde han ei stund at tida var inne.
     Bak odden viste det seg eit segl. Råa var på veg ned langsetter mastra. At fremmendfolket tok seglet, kunne berre ha ei meining: Dei var på veg inn i vågen.
     Enda ei master dukka fram, og snart tre til. No var den første høge framstamnen synlig, og så heile skipet. Det var langt og smekkert, bygd av nordmenn. Eit så stort og vakkert farty kunne berre høyre til ein stormann.
     Seglet var nede. Årene vart løfta og lagt i sjøen. Ei kort stund sto dei svarte mot himmelranda, lenge nok til at guten kunne sjå at dei var mange. Skremmande mange om dette var ein fiende. Skremmande nok i alle høve, for overmakt har løyst mange vennskapsband. Og her kom det fem skip som kvar for seg hadde fleire mann enn det som var om bord hos Orknøyjarlen.
««   »»
Copyright © Idar Lind (idar@lind.no)