lind.no Kark Utdrag Kjelder og noter Personar Historie Kart Lenker Alle sider Korsvikaspillet |
Kark ( første kapittel 6 )
|
|
Dei kunne ikkje veta om det var venn eller fiende som tungt kom sigande inn vågen, derfor vart våpna henta fram. Også Kvelp fann sverdet sitt. Slik ser eg han første gongen, ein gutunge i sin trettande vinter. Han står i akterstamnen, berrhovda som dei andre om bord. Hjelmar og kvasse våpen ligg ved føtene deires, jarlen vil ikkje for tidlig vise at han har vilje til å møte makt med motstand. Helst vil han sleppe, for overmakta er stor. Sigurd Lodvesson Orknøyjarl har vunne mange slag, men om han kjem i strid i dag, vil dette trulig bli det siste. Eg ser Kvelp mellom dei andre. Eg legg merke til guten fordi han står der han står, attmed faren, men mest fordi han er den yngste i sin flokk, slik eg er det på vårt skip. Seinare finn auga våre kvarandre, når Kongen har kalla til seg jarlen for å be han ta den rette trua, mens bispen fortel om helvetes pinsler og evige eld og frost som vil ramme den som ikkje riv ned avgudane og tar til å dyrke den allmektige Herren Gud. |
||
Copyright © Idar Lind (idar@lind.no) |