lind.no Kark Utdrag Kjelder og noter Personar Historie Kart Lenker Alle sider Korsvikaspillet |
Kark ( første kapittel 7 )
|
|
Først trur eg at det er den blankraka flekken på skallen som fangar interessa til den unge guten, men så møter blikket hans mitt. Eg er ikkje eit så merkelig syn. Han fortalde det dagen etter, da vi rodde austover i vindstilla før stormen: Kvelp hadde sett kuttekledde før, både heime på Orknøyane og i Éire. Guten har slekt der, farmora kom frå kongeætta Dál Fiatach. Dit reiste Kvelp ein gong, i lag med faren. Den lengste reisa han nokon gong hadde gjort. Den nest lengste var over fjorden til Katanes nord i Skottland, der faren har skattland. Alt dette hadde gitt guten smak for langfart. Han ville ut igjen, lenger bort, og helst dit eg skulle, til landet der Håkon Ladejarl styrer. Derfor er det misunning i blikket som møter mitt. Eg - som i hans auge er på samme alder - skal få sjå og oppleva alt det Kvelp Sigurdsson har drømt om. Kanskje skal eg til og med få møte jarlen som kom til makta gjennom fiendskap, strid og sjølhevding, som styrer med avgudsdyrking og trolldom, og som lever eit liv i hor og sedløyse. Guten har enno ikkje lært at denne levemåten veks ut av menneskets syndige, vonde natur, slik det også er tilfelle med misunninga, og at dei som lever slik, ikkje skal arve Herren Guds rike. |
||
Copyright © Idar Lind (idar@lind.no) |