lind.no Kark Utdrag Kjelder og noter Personar Historie Kart Lenker Alle sider Korsvikaspillet |
Kark ( første kapittel 8 )
|
|
Så grip dei han. Det er broder Tangbrand som held fast, som legg nakken til guten mot ripa, mens Kongen sjøl løftar sverdet og stryk den kvasse eggen over strupen hans. Huda får ei tynn, raud stripe. Skal eg skjera djupare? spør Kongen jarlen. Skal eg skjera heilt til stålet møter treverket, eller vil du bøye kne for Herren Jesus Kristus? Vi du ta den rette trua og bli jarl under Herren Gud og meg, eller vil du at sonen din og mennene dine skal møte dauden i lag med deg sjøl, og at eg etter det skal fara med eld og oske over øyene og legge landet aude? I denne stunda ser eg kor veike dei heidenske gudane er. Sjøl med torshammaren på brystet er ikkje trua så sterk at jarlesonen rolig møter den lagnaden som er bestemt for han, slik Isak utan redsle venta på kniven da Herren Gud i sin nåde hadde sagt til Abraham at han måtte ofre den einaste sonen sin. Kvelp Sigurdsson rykker og riv for å komma laus. Skrika av vill angst blir kasta ut over vågen og følgjer ramnane som vart borte med vinden. Dei vidt oppsperra auga leitar etter hjelp, men finn berre mine. Eg ser ikkje anna enn at det er Herren Guds hand som held sverdet. |
||
Copyright © Idar Lind (idar@lind.no) |