lind.no
Kark
Utdrag
Kjelder og noter
Personar
Historie
Kart
Lenker
Alle sider
Korsvikaspillet
Kark   ( første kapittel   9 )
Roman av Idar Lind - Det Norske Samlaget 2000
 
     Vil du tru på Herren Jesus Kristus, eller skal sonen din bli den første som døyr? spør Kongen igjen.
     Jarlen har nylig sagt at han ikkje veit noka betre tru enn den forfedrane hans har hatt, og ingen betre seder enn dei som gjæve frendar og venner har levd etter. No kunne han ha vist at han held sine gudar like høgt som Abraham heldt sin, han som var villig til sjøl å skjera strupen over på Isak og gi sonen som brennoffer på Herren Guds befaling, men denne dagen viser heidningen Sigurd Lodvesson kor lite kraft det er i Odin og Tor.
     Jarlen sig i kne. Han bøyer seg for kong Olav Tryggvason og for Herren Jesus Kristus. Sonen får leva, men trua døyr.
     Kongen tok med seg guten som pant da han reiste, som ei sikring mot at vennskapen og den nye trua til Orknøyjarlen skulle visne bort med ein gong dei fem segla var gjømt bak synsranda.
««   »»
Copyright © Idar Lind (idar@lind.no)