lind.no
Kark
Utdrag
Kjelder og noter
Personar
Historie
Kart
Lenker
Alle sider
Korsvikaspillet
Kark   ( første kapittel   10 )
Roman av Idar Lind - Det Norske Samlaget 2000
 
     Slik gjekk det til at unge Kvelp Sigurdsson fekk oppfylt drømmen sin om å sjå heimlandet til Håkon Ladejarl, og det langt tidligare enn han hadde venta.
     Slik gjekk det til at det i alle fall var eitt menneske om bord som kunne halde rundt meg og trøste meg da stormen velta inn over oss.
     Eg såg dei veldige brottsjøane, eg såg seglet spenne seg som vomma på ei trommesjuk ku, eg såg båten legge seg så hardt over at mastertoppen strauk dei skumkvite bårekammane - og eg prøvde å sjå Herren Jesus Kristus ute i kavet, ville tru at han kom for å mane stormen til å legge seg, slik han gjorde på Lough Gennesareth, men den einaste som kom, var Kvelp.
     Han la armane omkring meg og munnen mot øyret mitt og fortalde historier som eg har glømt det meste av, men som i korte stunder gjorde at drønna frå sjøen berre vart eit forsiktig sus langt borte. Eg kjente den varme pusten mens han heldt omkring meg og prøvde å jaga redsla mi med historier som farande folk hadde tatt med over havet, historier som vart fortalt over mjødbollane gjennom seine vinterkveldar, og som vesle Kvelp Sigurdsson aldri glømte.
««   »»
Copyright © Idar Lind (idar@lind.no)