lind.no
Kark
Utdrag
Kjelder og noter
Personar
Historie
Kart
Lenker
Alle sider
Korsvikaspillet
Kark   ( etterord )
Roman av Idar Lind - Det Norske Samlaget 2000
 
Historia om Håkon jarl og Tormod Kark er fortalt før, denne boka er min versjon. Noko bygger på kjelder, noko er fri dikting. Om dette kan du lesa på internettet. (Men informasjonen her vil neppe ha like lang levetid som Vellekla, det kvadet Einar Skålaglam laga om Håkon jarl, og som vi i dag kjenner fordi det mange år seinare vart skrive ned på pergament.)

Forteljinga har fått form gjennom fem og eit halvt år, arbeidet starta med manuskriptet til Korsvikaspillet. Mange skal ha takk, mest av alle instruktøren Elin Hassel Iversen. Det er mange spor etter henne, også i romanen. Ei stor takk til Bjørn Rasmussen - som trekte meg inn i prosjektet. Takk til Mary Berg - også i boka går personane oftast kledd i plagg som ho har sydd. Takk til Frode Fjellheim og Heidi Husby for musikken. Og takk til nærmare to hundre andre eldsjeler frå Lade og resten av Trondheim. Eg kan umulig nemne alle, men ikkje ein einaste er uviktig.

Takk også til Åsmund Forfang, Per Einar Odden, Folke Forfang, Jón Júlíus Filippusson, Jan Ragnar Hagland og alle i Gregus Kunstnerverksteder. Og til Tove og Hege.

Trondheim ved midtsommar 2000
Idar Lind

 

Copyright © Idar Lind (idar@lind.no)